Kva er demokrati?
Demokrati tyder «folket bestemmer». I land med demokrati skal innbyggjarane vera med på å velja kven som skal bestemma over landet og korleis. Fleirtalet skal med andre ord bestemma korleis ting skal vera. Slik er det ikkje i alle land. I nokre land er det éin eller få personar som bestemmer. Det er ikkje demokratisk.
Mange land i verda seier at dei er demokratiske, men det held ikkje å berre seia at ein er det. Ein må også ha frie val, ytringsfridom, ein uavhengig domstol og individuelle rettar.
Maktfordelingsprinsippet
Maktfordelingsprinsippet går ut på at makta skal vera fordelt. All makt kan ikkje vera på den same staden. Ideen kjem frå den franske filosofen Montesquieu. Han meinte at «han som har makt, fort kan misbruka henne». For å unngå misbruk, laga han ei løysing der makta er fordelt på tre uavhengige delar: ei lovgjevande, ei utøvande og ei dømande makt. Denne løysinga gjev oss innbyggjarar eit ordentleg demokrati.
Den lovgjevande makta
På Stortinget jobbar politikarane som vi innbyggjarar har valt. Stortinget er den lovgjevande makta i Noreg. Den lovgjevande makta har ansvar for å bestemma lovane i Noreg, til dømes loven om at alle barn har rett til å gå på skule.
Den utøvande makta
Ein del av politikarane på Stortinget er også ein del av regjeringa, og det er det også vi innbyggjarar som har valt. Regjeringa er den utøvande makta. Dei har ansvar for å ta i bruk lovane som Stortinget har bestemt. Til dømes ved å gje pengar til kommunane, slik at dei kan byggja skular med plass til alle barna.
Den dømande makta
Dersom nokon har gjort noko ulovleg, er det domstolen som bestemmer kva straffa skal vera. Domstolen er den dømande makta. Han har ansvar for å døma dei som ikkje følgjer lovane som Stortinget har bestemt. Sjølv om domstolen er statleg, kan ikkje regjeringa bestemma over domstolen.
Kort om maktfordelinga
Det politiske systemet i Noreg
Noreg er eit ordentleg demokrati, eller nærare bestemt eit konstitusjonelt demokrati, styrt av parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Monarkiet er kongehuset, men det har eigentleg ikkje så mykje makt. Danmark og Sverige har den same modellen.
Partia på Stortinget
I Noreg, som i resten av Skandinavia, har vi eit mangfald av politiske parti. Vi skil som regel mellom sosialistisk og borgarleg side.
⬅ Her ser du talet på mandat og sete veljarane gav partia i stortingsvalet i 2017.
Dei borgarlege partia i Noreg:
- Høgre er oppteknne av næringslivet, utdanning og lågare skattar
- Kristeleg folkeparti er opptekne av kristne verdiar, barnetrygd og bistand til låginntektsland.
- Venstre er Noregs eldste parti og vil arbeide for innovasjon, miljø og skule.
- Fremskrittspartiet er opptekne av lågare skattar og avgifter og ein streng innvandringspolitikk.
Dei sosialistiske partia i Noreg:
- Arbeidarpartiet har vore veldig viktig for norsk politikk og får ofte æra for å ha forma store delar av den norske velferdsstaten – det som gjer Noreg til eit av verdas beste land å bu i. Arbeidarpartiet er opptekne av arbeid, helse og industri.
- Sosialistisk venstreparti er opptekne av likestilling, fattigdom og miljø.
- Raudt er opptekne av offentlege velferdstenester og likestilling.
- Senterpartiet er opptekne av distrikta, landbruk og «norsk kultur». Dei har samarbeidd med parti på dei to ulike sidene av politikken. Vi kallar ofte desse sidene for blokker.
Midt imellom
Mellom desse blokkene har vi Miljøpartiet Dei Grøne. MDG er opptekne av miljø, naturvern, transport og livskvalitet. Dei politiske partia har ulike syn på korleis samfunnet skal fungera. Partia prøver å overtala veljarane til å stemma på dei ved å presentera forslag til korleis dei kan forbetra politikken i Noreg.
Høgre/venstre-aksen
Ulike demokratiske styreformer
Noreg er eit konstitusjonelt demokrati. Det vil seia at vi har parlamentarisme med eit avgrensa monarki. Statsoverhovudet er kongen, men kongen har ikkje noka formell makt. Makta ligg hos folket fordi folket har stemt fram politikarane som jobbar på Stortinget.
Det motsette av konstitusjonelt monarki er republikk. Republikk er ei styreform der statsoverhovudet er ein folkevald president. Finland, Frankrike og USA har republikk.
⬅ Slik såg ein ung Kronprins Harald ut i 1959.
Det demokratiske systemet i USA
USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seia at USA ikkje har konge, og landet har 50 delstatar som stort sett bestemmer over seg sjølve. Til dømes har staten Texas i sør heilt andre lovar enn Minnesota i nord. Samstundes har USA også ei sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.
⬅ Dette er Det kvite huset i Washington D.C., der presidentfamilien bur.
Maktfordelinga i USA
Kongressen blir rekna som den lovgjevande makta, og består av representantar frå alle statane i USA. Kongressen har to ulike delar: Senatet og Representantanes hus.
Høgsteretten er den dømande makta i USA, og han passar på at staten følgjer den amerikanske grunnloven.
Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre veljast att éin gong.
Tidlegare president Barack Obama og dåverande president Donald Trump i Det ovale kontoret, like etter at Trump hadde vunne valet i november 2016.
Kvifor esel og elefant?
Kjelder:
- Berg, Ole T.; Notaker, Hallvard: USAs politiske system i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/USAs_politiske_system
- Nordby, Trond: parlamentarisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/parlamentarisme
- Berg, Ole T.: maktfordelingsprinsippet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/maktfordelingsprinsippet
- Thorsen, Dag Einar: Norges politiske system i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/Norges_politiske_system
- Thorsen, Dag Einar: radikal i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå
https://snl.no/radikal
- Knutsen, O (2017): The Nordic Models in Political Science.
Fagbokforlaget
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Redaksjonen
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)
-
NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Stortinget
-
Redaksjonen
-
Redaksjonen
-
Redaksjonen
-
NRK Skole
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Pete Souza
-
Getty Images
-
NowThis World – YouTube
-