Kva er demokrati?
Demokrati tyder «folket bestemmer». I land med demokrati skal innbyggjarane vera med på å velja kven som skal bestemma over landet. Fleirtalet skal med andre ord bestemma korleis ting skal vera. Slik er det ikkje i alle land. I nokre land er det éin eller få personar som bestemmer. Det er ikkje demokratisk.
Kven har makt?
Makta skal fordelast. All makt kan ikkje vera på same staden. Då kan dei som har makta enkelt misbruka henne. For å unngå misbruk, har vi ei løysing der makta er fordelt.
- Ei lovgjevande makt
- Ei utøvande makt
- Ei dømmande makt
Den lovgjevande makta
På Stortinget jobbar politikarane som vi innbyggjarar har valt. Stortinget er den lovgjevande makta i Noreg. Det tyder at dei har ansvar for å bestemma lovar. Dei bestemmer kva som er ulovleg, og dei bestemmer til dømes at alle barn har rett til å gå på skule.
Den utøvande makta
Ein del av politikarane på Stortinget er også ein del av regjeringa, og det er det også vi innbyggjarar som har valt. Regjeringa er den utøvande makta. Dei har ansvar for å ta i bruk lovane som Stortinget har bestemt. Kvart år deler regjeringa ut pengar, til dømes til bygging av skular slik at det er skuleplass til alle barna.
Den dømande makta
Viss nokon har gjort noko ulovleg, er det domstolen som bestemmer kva straffa skal vera. Domstolen er den dømande makta. Dei har ansvar for å døma dei som ikkje følgjer lovane som Stortinget har bestemt.
Kort om maktfordelinga
Det politiske systemet i Noreg
Noreg er eit ordentleg demokrati, styrt av parlamentarisme og med eit monarki. Monarkiet er kongehuset, med det har eigentleg ikkje så mykje makt. Danmark og Sverige har det på same måten.
Partia på Stortinget
I Noreg, som i resten av Skandinavia, har vi mange politiske parti. Vi deler ofte partia i grupper og snakkar om ei sosialistisk og ei borgarleg side.
⬅ Her ser du talet på mandat og sete veljarane gav partia i stortingsvalet i 2017.
Dei borgarlege partia i Noreg:
- Høgre er opptekne av butikkar, fabrikkar, skular og lågare skattar
- Kristeleg folkeparti er opptekne av barn, familiar og fattigdom
- Venstre er Noregs eldste parti og vil arbeide for smarte oppfinningar, miljø og skule
- Framstegspartiet er opptekne av lågare skattar, og dei ønskjer mindre innvandring
Dei sosialistiske partia i Noreg:
- Arbeidarpartiet er opptekne av arbeid, helse og industri
- Sosialistisk venstreparti er opptekne av rettferd, fattigdom og miljø
- Raudt er opptekne av rettferd, arbeid og miljø
- Senterpartiet er opptekne av distrikta og landbruk
Midt imellom
I tillegg har vi Miljøpartiet Dei Grøne. Dei er opptekne av miljø, naturvern, transport og livskvalitet. Dei politiske partia har ulike meiningar om korleis landet vårt skal fungera. Når det er val, prøver partia å overtala innbyggjarane til å stemma på dei.
Andre demokrati
Noreg er eit demokrati med parlamentarisme og monarki. Vanskelege ord! Kongen er ein del av monarkiet, men han har ikkje noka formell makt. Makta ligg hos folket fordi folket har stemt fram politikarane som jobbar på Stortinget.
Andre land har noko som heiter republikk. I ein republikk vel folket ein president til å vera sjef for landet. Dei har ikkje ein konge eller ei dronning. Finland, Frankrike og USA er døme på land som har republikk.
⬅ Slik såg Kronprins Harald ut i 1959.
Demokratiet i USA
USA er ein republikk og forbundsstat. Det vil seie at USA ikkje har konge, og at landet har 50 delstatar som stort sett bestemmer over seg sjølve. Samstundes har USA også ein president som bestemmer litt over heile landet. Presidenten jobbar i hovudstaden Washington D.C.
⬅ Dette er Det kvite huset i Washington D.C., der presidentfamilien bur.
Makta i USA
Akkurat som i Noreg er makta fordelt på tre ulike stadar:
- Kongressen blir rekna som den lovgjevande makta.
- Domstolen er den dømande makta, og han passar på at staten følgjer den amerikanske grunnloven.
- Presidenten blir rekna som den utøvande makta. Presidenten blir vald for fire år og kan berre veljast igjen éin gong.
Kvifor esel og elefant?
Kjelder:
- Berg, Ole T.; Notaker, Hallvard: USAs politiske system i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/USAs_politiske_system
- Nordby, Trond: parlamentarisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/parlamentarisme
- Berg, Ole T.: maktfordelingsprinsippet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/maktfordelingsprinsippet
- Thorsen, Dag Einar: Norges politiske system i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå https://snl.no/Norges_politiske_system
- Thorsen, Dag Einar: radikal i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 24. september 2020 frå
https://snl.no/radikal
- Knutsen, O (2017): The Nordic Models in Political Science.
Fagbokforlaget
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Redaksjonen
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)
-
NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Stortinget
-
Redaksjonen
-
Redaksjonen
-
Redaksjonen
-
NRK Skole
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Pete Souza
-
Getty Images
-
NRK Skole
-