Sakramenta
Dei ortodokse kyrkjene har dei same sju sakramenta som den katolske kyrkja: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon. Sakrament betyr heilag handling.
Nattverd og dåp blir sett på som dei to viktigaste sakramenta.
Nattverd
Nattverden blir gjennomført i alle ortodokse gudstenester. Under nattverden – kommunion – blir det delt ut vin og syra (gjæra) brød. Ifølge ortodoks tru blir vin og brød til Jesu blod og lekam (kropp).
Dåp
I dåpen blir ein Guds barn. Gjennom dåpen blir òg arvesynda vaska bort.
Måten ein døyper barn på varierer i ulike kyrkjesamfunn. Nokon tek berre litt vatn på hovudet til barnet, medan andre praktiserer full neddukking. Det siste er mest vanleg i ortodokse kyrkjer. Ved full neddukking i vatn vil heile kroppen bli reinsa for synd. Alle barn blir dukka tre gongar, som eit symbol på treeininga.
Vigsel
Å gifte seg er ei storhending for ortodokse kristne. Ifølgje Gud er ikkje mennesket skapt til å vere åleine, men til å leve saman med familien sin. Dette tolkar dei ut frå forteljinga om då Gud skapte dei første menneska på jorda, Adam og Eva.
Konfirmasjon
Dei ortodokse kristne gjennomfører som oftast konfirmasjonen – krismeringa – samtidig med dåpen. Presten salvar dåpsbarnet med korsteiknet på panna til barnet, auge, øyre, nasebor, brystkasse, rygg, hender og føter.
I nokre ortodokse samfunn blir det gjennomført ei “ungdomsvelsigning” når barna er 14-15 år gamle. Dette er berre bøn for den enkelte, og ikkje ei konfirmasjonshandling.
Skriftemål
Under skriftemål erkjenner den kristne syndene sine. Dei ortodokse blir oppfordra til å skrifte med jamne mellomrom.
Sjukesalving
Presten salvar den sjuke med heilag olje, og ber for at den sjuke skal bli frisk igjen.
Ordinasjon
Ordinasjon er innsetjing av ein prest. Det er berre menn som kan bli ordinerte. Dersom dei er ordinerte før dei giftar seg, må dei leve ugifte. Menn som allereie er gifte, kan bli ordinerte.