Sakramenta
Den ortodokse kyrkja har dei same sju sakramenta som den katolske kyrkja: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon. Sakrament betyr heilag handling.
Nattverd og dåp blir sett på som dei to viktigaste sakramenta.
Nattverd
Nattverden blir gjennomført i alle ortodokse gudstenester. Under nattverden, også kalla kommunion, blir det delt ut vin og syra brød. Ifølgje ortodoks tru blir vin og brød forvandla til Jesu blod og lekam, og slik får alle som mottar nattverd ta del i dette.
Dåp
Dåpen markerer at den døypte er blitt eit av Guds barn. Gjennom dåpen blir også arvesynda vaska bort.
Praksisen rundt dåp varier i ulike kyrkjesamfunn. Nokre overauser heile eller delar av dåpsbarnet med vatn, medan andre praktiserer full neddykking. Full neddykking er den mest vanlege praksisen i ortodokse kyrkjesamfunn. Dei fleste som blir døypte, er barn, og ved full neddykking i vatn vil heile kroppen bli reinsa. Alle barna blir dykka tre gongar, som eit symbol på treeininga.
Vigsel
Å gifte seg er ei storhending for ortodokse kristne. Ifølge Gud er ikkje mennesket skapt til å vere åleine, men til å leve saman med familien sin. Dette tolkar dei ut frå forteljinga om då Gud skapte dei første menneska på jorda, Adam og Eva. Jesus viste òg til denne hendinga då han talte om ekteskapet.
Konfirmasjon
Dette blir òg kalla krismering. Krismere betyr salving, noko som blir gjort med den heilage oljen myron. Dei ortodokse kristne gjennomfører som oftast konfirmasjonen på same tid som dåpen. Presten salvar dåpsbarnet med korsteiknet på panna til barnet, auge, øyre, nasebor, brystkasse, rygg, hender og føter.
I nokre ortodokse samfunn blir det gjennomført ei “ungdomsvelsigning” når barna er 14-15 år gamle, men dette er berre ei forbøn og ikkje ei konfirmasjonshandling.
Skriftemål
Under skriftemål erkjenner den kristne syndene sine. Dei ortodokse har ingen faste skriftetider, men blir oppmoda til å skrifte med jamne mellomrom.
Sjukesalving
Presten salvar den sjuke med heilag olje, og ber for at den sjuke skal bli frisk igjen.
Ordinasjon
Dette er ei formell innsetting av ein prest, diakon eller biskop. Det er berre menn som kan ordinerast. Dersom dei er ordinerte før dei giftar seg, vil dei miste mogelegheita til giftermål. Menn som allereie er gift, kan bli ordinerte.