Yrkesretta skriving i norskfaget

Du som les denne teksten, går sannsynlegvis eit yrkesfagleg løp på vidaregåande. Kanskje skal du bli helsefagarbeidar og jobbe med eldre eller gå byggfag for å bli tømrar. Du har kanskje ein draum om å bli ein skikkeleg dyktig kjølemontør eller ein omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Kanskje vil du bli tannpleiar, agronom, blekkslagar, konditor eller mekanikar.

Accessibility icon Yrkesretta skriving i norskfaget

Munnleg og skriftleg kommunikasjon

Uansett kva du vil bli, er norskfaget viktig for deg som skal ta fagbrev. Om ikkje lenge treng du gode kommunikasjonsevner når du snakkar og skriv, for å gjere jobben din godt.

Du øver mykje på å snakke og skrive på yrkesfag. Om eitt år blir du lærling, og då må du kunne forklare deg klart. Viss du vil vere helsefagarbeidar, må du for eksempel vite korleis du kan snakke bra med eldre, og du må kunne lese skriftlege instruksjonar.

Elektrikarar treng å forstå manualar og sende e-postar til kundar. I barnehagen er det viktig å kommunisere godt med barn og skrive rapportar.

Dei tekstane du les og skriv i jobben din som fagarbeidar, kjem under det vi kallar yrkesfagleg sjanger.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En bunke med papirer med binders på et trebord innendørs
En bunke med papirer med binders på et trebord innendørs

Unike fagspråk

  • Vet du hva en drager er?
  • Hva med konflagrasjon?
  • Er du kjent med forkortelsen HLR?
  • Eller betydning av grupperingsteknikk?
  • Hva vil det si å sautere?

Når du blir tømrar, elektrikar, ambulansemedarbeidar, kokk eller blomsterdekoratør, vil du bruke spesielle ord når du snakkar med andre på jobben. Desse orda kallar vi fagspråk.

Tenk på fagspråk som eit eige språk som folk i same yrke bruker for å forstå kvarandre betre. Viss du for eksempel er tømrar, vil du bruke ord og uttrykk som er knytte til bygging og snekring. Viss du blir kokk, vil du bruke ord som beskriv forskjellige ingrediensar og matlagingsteknikkar.

Det kan verke litt forvirrande i byrjinga, men ikkje ver redd. Etter kvart som du lærer meir om yrket ditt og får erfaring, vil du bli meir komfortabel med fagspråket.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kokker på en restaurant som lager mat og flamberer mat i en stekepanne.
Kokker på en restaurant som lager mat og flamberer mat i en stekepanne.

Dokumentering og rapportering

Fagarbeidarar som tannpleiarar og kjølemontørar skriv forskjellige tekstar, men begge må kunne dokumentere og rapportere. Å rapportere betyr å gi viktig informasjon til andre. Som helsefagarbeidar deler du for eksempel pasientinformasjon med kollegaer ved vaktbyte. Som elektrikar kan du måtte skrive rapport etter ein sluttkontroll.

Når vi skriv rapportar, er det viktig å bruke fagspråket, vite kva type tekst vi skal skrive, og vere tydeleg. Nokre små skrivefeil kan vere morosame, som når ein kokk skriv «Dagens rett er stekt kylling lever» i staden for «Dagens rett er stekt kyllinglever». Men det er viktig å vere profesjonell.

Rapportering og dokumentering er viktig for å sikre at jobben vår er riktig og trygg. For eksempel må ein elektrikar vere nøye med dokumenteringa, elles kan det bli dyrt og farleg. Og viss ein helsefagarbeidar ikkje kommuniserer tydeleg, kan det få alvorlege konsekvensar for pasienten.

Å kunne formulere seg skriftleg og munnleg på ein tydeleg og korrekt måte, med eit godt fagspråk, er derfor spesielt viktig for deg som kommande fagarbeidar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinnelig tekniker i hvit labfrakk som jobber med en harddisk og noterer på et ark
Kvinnelig tekniker i hvit labfrakk som jobber med en harddisk og noterer på et ark

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images