Vulkanar
Ein vulkan er når smelta stein og gass kjem til overflata gjennom ei opning i jordskorpa. Vi kallar denne steinmassen magma når han er inne i vulkanen, og lava når han kjem til overflata.
Ulike typar
Det finst mange slags vulkanar, med ulike eigenskapar og åtferd. Åtferda og utbrota deira er avhengig av faktorar som plassering (i høve til rørslene i jordskorpa) og av korleis magmaen er sett saman. Derfor vil forskjellige vulkanar opptre ulikt, både i forhold til når utbrot kjem, og korleis utbrotet artar seg.
I dag har vi 1300–1500 vulkanar på jorda, i tillegg til ei mengd undersjøiske vulkanar.
Fugleperspektiv av Fuji fjellet med byen foran
Vulkanutbrudd illustrert
Eyjafjallajokull vulkanen 2010
Føreseie vulkanutbrot?
Nokre gonger kan ein føreseie vulkanutbrot, men det finst òg eksempel på utbrot av damp, oske og stein som har komme utan at det har vore signal i førehand.
Faresignal
Faresignala før eit utbrot kan vere at gassane som siv ut av jordskorpa, endrar seg og det oppstår fleire små jordskjelv.
Forskarane analyserer jordskjelva ved å måle vibrasjonar i jordskorpa med seismometer. Eit seismometer er eit måleinstrument som registrerer bølgjer frå jordskjelv eller andre ristingar.
Seismometer
Kilauea
Vulkanen Kilauea på Hawaii er ein aktiv vulkan. Faktisk har vulkanen hatt eitt langt, kontinuerleg utbrot sidan 1983. Eit typisk vulkanutbrot på Hawaii består nemleg av rennande lava, ikkje enorme oskeskyer.
Likevel har han ført til store materielle øydeleggingar og til tider tvinga fram evakuering av nærliggjande område.
Kīlauea pele vulkanen
Store øydeleggingar
Konsekvensane av eit vulkanutbrot kan vere store. Vi kjenner til at vulkanar har utrydda heile byar og samfunn.
Når utbrotet skjer, så er det som regel ikkje den sakte rennande lavaen som øydelegg, men oske, giftige gassar og pyroklastiske straumar – ei blanding av gassar og partiklar som blir pumpa ut av vulkanen.
Etter eit vulkanutbrot vil det veldig ofte komme eit jordskjelv, flaum, ras og store slamstraumar, som igjen kan skape flodbølgjer.
Krakatau Vulkanens utbrudd, November 2011
Konsekvensar
Alle desse tinga vil ha store konsekvensar både for menneske, bustad, dyr, avlingar og landbruk, og endring av landskap.
Montserrat før
Pompeii, Italia
Supervulkanar
Ein supervulkan er ein vulkan som har større og meir katastrofale konsekvensar enn ein ordinær vulkan.
Akkurat som alle andre vulkanar oppstår supervulkanar når smelta eller delvis smelta stein (kalla magma) trengjer gjennom jordoverflata. Nokre forskarar meiner at supervulkanane er «supre» fordi dei har enorme holrom som kan romme opptil 15 000 kubikkilometer med magma, og dermed veks seg større og større over tusenvis av år.
Lava
Putrande supervulkan
Under Yellowstone nasjonalpark i USA putrar ein aktiv supervulkan, eit megakammer, som nokre stader ikkje ligg meir enn åtte kilometer under jordskorpa, gir energi til dei 10 000 krystallfarga varme kjeldene, gurglande gjørmehòla, kvesande dampstrålane og berømte geysirane i parken, som til dømes Old Faithful.