Vi ere en nasjon vi med
Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?
Noreg på 1800-talet
Du bur i eit fritt land. Men det har ikkje alltid vore slik. La oss skru tida ca. 200 år tilbake. Noreg er i ein heilt spesiell situasjon. Dei nasjonalromantiske tankane har nådd landet vårt. Dei handlar om at eit land har ei felles «sjel» eller ånd, som kjem av at ein deler språk, kultur, tradisjonar og geografi.
📷 «Stedje i Sogn» av Johan Christian Dahl / KODE
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Språkdebatt som engasjerte og frustrerte
På denne tida stod vi ved eit vegskilje, og vi måtte bestemme korleis vi skulle snakke. Det var mange som var ueinige om det, så det ble ein stor og heftig diskusjon om språket vårt. Og diskusjonen held vi enno på med i Noreg i dag!
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
Henrik Wergeland
Forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var dei som først starta denne debatten. Dei kom ikkje særleg godt overeins og var ueinige om nesten alt, som dikting, politikk og språk. Wergeland meinte at den beste løysinga for eit demokratisk og patriotisk land var å bryte alle band med Danmark.
📷 Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Johan Sebastian Welhaven
Welhaven, derimot, meinte at eliten burde styre landet, og at vi hadde verdifulle kulturelle band med Danmark. Dei leidde kvart sitt parti, Wergeland leidde «Norskdomspartiet» og Welhaven leidde «Intelligenspartiet».
📷 Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Peter Andreas Munch
Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kom med eit originalt forslag. Kva med å lage eit skriftspråk som låg tett opp til norrønt, urspråket vårt? Sjølv om det var eit språk folk hadde slutta å snakke i Noreg for lenge sidan!
📷 Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
Landsmål og riksmål
Har du høyrt om nynorsken og bokmålet sine fedrar? Vi kallar dei det, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Aasen kjempa for landsmål og Knudsen for riksmål. I dag heiter landsmål og riksmål nynorsk og bokmål.
Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen
Ivar Aasen ville lage eit nytt norsk skriftspråk, og han ville bruke dialektane i Noreg. Han reiste rundt i heile landet for å lære om dei forskjellige dialektane. Språket i byane brydde han seg ikkje om, han ville heller finne dialektar frå landsbygda som kunne bli til eit felles skriftspråk. Han samla og ordna dei ulike dialektane han fann, og gav ut bøkene «Det norske Folkesprogs Grammatik» og «Ordbog over det norske Folkesprog».
📷 Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Knud Knudsen
Knud Knudsen hadde ein annan idé. Han meinte at skriftspråket burde byggje på den måten som eliten snakka på i byane. Skriftspråket skulle vere nær dansk og ta utgangspunkt i korleis eliten i det norske samfunnet snakka.
📷 Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Samme mål, men ulik strategi?
Knudsen og Aasen hadde ulike idear om eit eige norsk skriftspråk. Knudsen ville ta det gradvis, mens Aasen ville ha det raskare. Knudsen sa at dei rike og mektige ikkje ville godta Aasens plan med ein gong. Han meinte at det var betre å jobbe sakte, men sikkert mot eit eige norsk skriftspråk.
En sti som deles til to stier i en skog
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Språkloven og Språkrådet
I språklova står det at bokmål og nynorsk er like viktige og skal brukast overalt i samfunnet. Vi har eit språkråd som jobbar for å styrkje det norske språket. Alle må vere bevisste på og bry seg om språket for at det skal bli bevart. Det er vi som bruker det norske språket, som må ta ansvar for å bevare det.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Språk er identitet
Noreg er eit lite land med ein rik språkarv. Nynorsk minner oss om vår eigen identitet og nasjonale stoltheit. Det kan knyte oss saman og skape ein felles identitet.
Multikulturell gruppe med ungdommer
«Vi ere en nasjon vi med»
Språket vårt er eit symbol på den store frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Kampen for språket var ein viktig del av det å oppnå sjølvstende. Etter mange års kamp kunne vi endeleg stolt seie: «Vi ere en nasjon vi med!»
📷 Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Kjelder:
- Wessel, Elsbeth; Nesje Vestli, Elin Nesje Vestli: Johann Gottfried von Herder i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Johann_Gottfried_von_Herder
- Bull, Tove: Ivar Aasen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Ivar_Aasen
- språk i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/språk
- Europas historie (30.08.23): Herders filosofi
https://www.europas-historie.net/herder.htm
- Voldh, Thurid: nasjonalromantikken i Store norske leksikon på snl.no.
https://snl.no/nasjonalromantikken
- Bull, Tove: Knud Knudsen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Knud_Knudsen
- Vikør, Lars S.; Bolstad, Erik: jamstillingsvedtaket i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/jamstillingsvedtaket
- Språkrådet (30.08.23): Om oss
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Om-oss
- Språkrådet (30.08.23): Noreg har fått ny språklov!
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2022/noreg-har-fatt-ny-spraklov/
- Nasjonal digital læringsarena (30.08.23): Språkdebatt og språkpolitikk på 1800-tallet https://ndla.no/subject:1:f3d2143b-66e3-428c-89ca-72c1abc659ea/topic:4:187135/resource:1:129615
- Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
Oslo. Fagbokforlaget.
Bilde- og videorettar:
-
-
Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
-
W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom / Skolerom
-
Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
-
Cappelen / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
AdobeStock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-