Vi ere en nasjon vi med
Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Språkdebatt som engasjerte og frustrerte
Vi stod på mange måtar ved eit vegskilje på denne tida, også språkleg. I kva for retning vi skulle gå, var deltakarane i striden ikkje einige om. Det heile utvikla seg til å bli ein omfattande og til tider oppheta språkdebatt. Ein debatt som starta i 1830-åra, og som går føre seg den dag i dag.
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
Henrik Wergeland
Dei første som involverte seg i denne debatten, var forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven. Dei kom ikkje særleg godt overeins og var ueinige om det meste som gjaldt dikting, politikk og språk. Kort forklart meinte Wergeland bestemt at den einaste ideelle løysinga dersom ein var eit demokratisk og patriotisk land, var å bryte alle band til Danmark.
📷 Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Johan Sebastian Welhaven
Welhaven på si side var opptatt av at eliten måtte styre landet, og at kulturfellesskapet vi delte med Danmark var verdifullt. Dei leidde begge kvart sitt parti, Wergeland «Norskdomspartiet» og Welhaven «Intelligenspartiet». Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking at Wergeland òg ønskte å markere avstand frå Danmark språkleg. Han prøvde å fornorske dansken. Det var eit språksyn fienden Welhaven ikkje delte.
📷 Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Peter Andreas Munch
Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kasta seg òg inn i debatten med det kanskje mest originale forslaget. Kva med å lage eit skriftspråk som låg tett opp til norrønt, urspråket vårt? Nei, det blei for komplisert. Norrønt var jo eit språk folk for lengst hadde slutta å snakke i Noreg.
📷 Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
Landsmål og riksmål
Du har sikkert høyrt om fedrane til nynorsken og bokmålet, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Den førstnemnde var forkjempar for landsmål, mens den sistnemnde var tilhengar av riksmål. Dei førte språkdebatten vidare og hadde begge klare tankar om korleis vi skulle vidareutvikle språket vårt, men med ulike meiningar og ulik framgangsmåte.
Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen
Ivar Aasen hadde ein klar tanke om at eit nytt norsk skriftspråk skulle byggjast på dialektane våre. Han bestemte seg for å reise rundt i det langstrekte landet vårt for å lære meir om dei ulike dialektane. Men språket som blei snakka i byane, var han heilt uinteressert i. Han ville til landsbygda på jakt etter dialektar som ein kunne vidareutvikle til å bli eit felles skriftspråk. Han systematiserte dei ulike dialektene han fann og gav i 1848 ut «Det norske Folkesprogs Grammatik» og i 1850 «Ordbog over det norske Folkesprog».
📷 Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Knud Knudsen
Knud Knudsen på si side meinte at skriftspråket måtte ta utgangspunkt i den danna daglegtalen som eliten snakka i byane. I 1845 publiserer han ein artikkel med tittelen «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog». Her argumenterer han for at ortografien skulle bli bestemt «efter den almindeligste Udtale af Ordene i de Dannedes Mund». Skriftspråket skulle med andre ord leggjast tett opp til dansk og ta utgangspunkt i talespråket til eliten i det norske samfunnet.
📷 Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Same mål, men ulik strategi?
Knudsen omtalar språkstriden mellom seg sjølv og Aasen som ein prosess med same langsiktige mål, men med ulik strategi. Han meinte at Aasen ønskte «Bråhastens Vej». Sin eigen strategi omtalte han som «Gradvishetens Vej». Eit poeng frå Knudsen som det nok var mykje sanning i, var at det var urealistisk at overklassa der og då ville akseptere språkforma Aasen kjempa for. At det å endre dansk-norsken til eit reinare norsk språk måtte skje sakte, men sikkert.
En sti som deles til to stier i en skog
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Språk er identitet
Noreg er eit lite land, med ein rik språkarv. Det at nynorsk framleis eksisterer, er ei viktig påminning om korleis Noreg med alt som er særeige for landet, med kulturen og med språket braut med banda til Danmark og stod på eigne bein som ein liten, men stolt nasjon. Korleis vi leitte i kvar krik og krok av landet for å finne ut av kva det ville seie å vere norsk. Bondekulturen, naturen, folkediktinga og folkemusikken. Men òg det mangfaldige, norske språket. Språkdebatten er eit godt eksempel på at språk er viktig for folk. At språk kan knyte oss saman. Skape ein felles identitet.
Multikulturell gruppe med ungdommer
«Vi ere en nasjon vi med»
Språket vårt er eit symbol på den store og omfattande frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Desse kampane, også for språket vårt, bidrog faktisk til at Noreg til slutt kunne erklære seg som sjølvstendig. At vi etter mange års kamp stolt kunne uttrykkje at «Vi ere en nasjon vi med».
📷 Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Kjelder:
- Wessel, Elsbeth; Nesje Vestli, Elin Nesje Vestli: Johann Gottfried von Herder i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Johann_Gottfried_von_Herder
- Bull, Tove: Ivar Aasen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Ivar_Aasen
- språk i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/språk
- Europas historie (30.08.23): Herders filosofi
https://www.europas-historie.net/herder.htm
- Voldh, Thurid: nasjonalromantikken i Store norske leksikon på snl.no.
https://snl.no/nasjonalromantikken
- Bull, Tove: Knud Knudsen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Knud_Knudsen
- Vikør, Lars S.; Bolstad, Erik: jamstillingsvedtaket i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/jamstillingsvedtaket
- Språkrådet (30.08.23): Om oss
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Om-oss
- Språkrådet (30.08.23): Noreg har fått ny språklov!
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2022/noreg-har-fatt-ny-spraklov/
- Nasjonal digital læringsarena (30.08.23): Språkdebatt og språkpolitikk på 1800-tallet https://ndla.no/subject:1:f3d2143b-66e3-428c-89ca-72c1abc659ea/topic:4:187135/resource:1:129615
- Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
Oslo. Fagbokforlaget.
Bilde- og videorettar:
-
-
Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
-
W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom
-
Skolerom
-
Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
-
Cappelen / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
AdobeStock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-