Kvinner kan også slåst
Når det er snakk om krig, er det som regel mennene som får all æra. Ofte høyrer vi om dei modige “gutta på skauen”, og kven har ikkje lese om kor omsynslaus Aleksander den store var, då han feia gjennom Aust-Europa, Midtausten og India? Men det er ikkje berre menn som kan slåst.
Gjennom historia har mange kvinner stått ved fronten, klare med sverd eller gevær, akkurat som den irske monarken og sjørøvaren Grace O’Malley. Kvinner har klatra inn i cockpitar, klare til å eliminere fienden – berre sjå på dei russiske «nattheksene» under andre verdskrigen. Kvinnenes bidrag blir ofte gløymt, oversett til fordel for alle mennene dei kjempa saman med.
Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane som for lengst burde fått anerkjenning for innsatsen sin. Nokre namn er godt kjende, andre har tida tilsynelatande viska ut, men alle kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølv. Desse kvinnene, som kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag, har bidratt til å forme verda slik vi kjenner henne i dag, og alle har ei historie å fortelje. Ingen av historiene er like, men dei har alle ein viktig fellesnemnar: kampånda.