Kvinner kan også slåst
Når det er snakk om krig, er det som regel mennene som får all æra. Ofte høyrer vi om dei modige “gutta på skauen”. Men det er ikkje berre menn som kan slåst.
Gjennom historia har mange kvinner stått klare med sverd eller gevær Kvinner har klatra inn i kampfly, klare til å eliminere fienden. Bidraget frå kvinnene blir ofte gløymt, oversett til fordel for alle mennene dei kjempa saman med.
Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane. Nokre namn er godt kjende. Andre er blitt gløymde for lenge sidan. Alle har dei kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølve. Desse kvinnene, som kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag, har bidratt til å forme verda slik vi kjenner henne i dag. Dei har alle ei unik historie å fortelje, men noko har dei felles: kampånda.