Tolv kvinner i krig

Møt 12 kvinner som fann vegen ut på slagmarka og viste at dei høyrde heime der.

Accessibility icon Tolv kvinner i krig

Kvinner kan også slåst

Når det er snakk om krig, er det som regel mennene som får all æra. Ofte høyrer vi om dei modige “gutta på skauen”, og kven har ikkje lese om kor omsynslaus Aleksander den store var, då han feia gjennom Aust-Europa, Midtausten og India? Men det er ikkje berre menn som kan slåst.

Gjennom historia har mange kvinner stått ved fronten, klare med sverd eller gevær, akkurat som den irske monarken og sjørøvaren Grace O’Malley. Kvinner har klatra inn i cockpitar, klare til å eliminere fienden – berre sjå på dei russiske «nattheksene» under andre verdskrigen. Kvinnenes bidrag blir ofte gløymt, oversett til fordel for alle mennene dei kjempa saman med.

Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane som for lengst burde fått anerkjenning for innsatsen sin. Nokre namn er godt kjende, andre har tida tilsynelatande viska ut, men alle kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølv. Desse kvinnene, som kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag, har bidratt til å forme verda slik vi kjenner henne i dag, og alle har ei historie å fortelje. Ingen av historiene er like, men dei har alle ein viktig fellesnemnar: kampånda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Boudicca roper til soldater

Fu Hao

Ukjend–ca. 1200 f.Kr.
Shang-dynastiet

Kone, mor, dronning, sjaman, politikar og militær leiar. Fu Hao var noko for seg sjølv. Ho var gift med kong Wu Ding, ein av dei største herskarane i Shang-dynastiets i Kina i oldtida, og ho levde eit liv ikkje mange kvinner på den tida kunne drøyme om. Etter ordre frå kongen utførte ho ritual og ofringar som vanlegvis berre var for menn, men det var først og fremst med hjelp av våpen ho skapte ettermælet sitt.

Fiendtlege styrkar utfordra stadig Shang-dynastiet, blant anna Tu, Ba, Yi og Qiang. Fu Hao nedkjempa dei alle. Iblant valde ho sjølv kva for soldatar som skulle følgje henne, andre gongar valde ektemannen dei ut for henne – men kvar gong kom ho sigrande heim. Til dømes nedkjempa ho Tu Fang i løpet av eitt slag og gjorde dermed slutt på ein krig som hadde pågått i generasjoner. Sigeren hennar over Ba er kjend som det første dokumenterte angrepet i kinesisk historie. Fu Hao er gravlagt som ein kongeleg krigar, og det med rette. Blant dei 2000 jade-, bronse-, bein- og steingjenstandane ho fekk med seg i grava, var det over 100 våpen, mellom anna kampøkser.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Statue av Lady fu hao
Statue av Lady fu hao

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!