Språket mitt er slay!

Kva slags språk snakkar du? Det seier vel seg sjølv, tenkjer du kanskje. I Noreg snakkar dei fleste norsk, men visste du at det finst tallause variantar av norsk? Det kan dreie seg om dialekt, tospråklegheit eller eit behov for å markere at ein er del av eit fellesskap. Det er sannsynleg at du snakkar ein variant av det vi kallar ungdomsspråk. 

Illustrasjon av en jordklode og mennesker som er på telefon eller pc. De skriver: Sjæl, lol, han reada meg!, omw, backer og slayyy!
Illustrasjon av en jordklode og mennesker som er på telefon eller pc. De skriver: Sjæl, lol, han reada meg!, omw, backer og slayyy!

Ungdomsspråk

Ungdom snakkar sitt eige språk. Med språket markerer dei at dei tilhøyrer eit fellesskap med andre ungdommar. Språket er viktig for  identiteten vår. Det viser kven vi er og kven vi ønskjer å vere.

Illustrasjon av 4 ungdommer som tekster på telefonen. En av de skriver
Illustrasjon av 4 ungdommer som tekster på telefonen. En av de skriver "Haha ik!", og en skriver "det er sykt"

Språk mellom generasjonar

Du snakkar sannsynlegvis ikkje på same måten med venner som med besteforeldra dine. Du tilpassar språket ditt til dei du snakkar med.

Når vaksne prøver å bruke ungdomsspråk, kjennest det som regel alltid litt feil. Korleis hadde du reagert viss bestefar sende deg ein invitasjon der han skreiv: “Bro, my place 16.00. Ikkje ditch!”.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Blank Word-bakgrunn med en illustrasjon av en bestefar som tekster. Bestefaren skriver
Blank Word-bakgrunn med en illustrasjon av en bestefar som tekster. Bestefaren skriver "Bro, my place 16.00. Ikke Ditch!!

Kreativt eller øydeleggjande?

Blir det norske språket øydelagt av ungdomsspråket? Nokre meiner det, medan andre ikkje. Kanskje ungdomsspråket er med på å gjere det norske språket meir spennande?

Illustrasjon av en debatt mellom en mann og en jente. Mannen sier
Illustrasjon av en debatt mellom en mann og en jente. Mannen sier "Du må snakke ordentlig norsk", og jenta sier "Bro, språket mitt er slay"

Ungdomsspråk i SKAM

TV-serien SKAM følgjer livet til ein ungdomsgjeng på vidaregåande skule. Serien gav oss eit godt innblikk i ungdomsspråket. Sjå berre på utdraget frå manuset under.

Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.
Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.

EVA: Kva faen er alt dette maset om korleis person eg er?!?! Kanskje eg er ein person som berre gir opp da!! Eg veit ikkje eg!!! Korleis skal eg vite korleis person eg er liksom? Alle berre korleis person er du, korleis person er du, du må finne ut kven du er- det er så jævlig bullshitklisje!!  

ISAK: Wow. Ok. Chill.. Det var ikkje sånn meint. Sorry.  

EVA: nei. 

ISAK: …Eva. Det er ikkje så jævla komplisert liksom… Ein ER jo berre det ein GJER. 

EVA: Er det så enkelt?  

ISAK: Så viss du byter skule fordi ting er litt føkt, så ER du jo ein person som gir opp. 

EVA: Eg er ikkje fem år liksom. Trur du det omvendte psykologipisset funkar på meg? 

ISAK: Eg veit ikkje. Gjer det det? You got to fight back, girl! 

(Råmanus, Andem, 2018).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Nordens språkpris

Kvart år blir det delt ut ein språkpris i Norden. I 2016 fekk manusforfattar Julie Andem prisen for manuset sitt til SKAM. Juryen meinte språket engasjerte eit ungt nordisk publikum. Ho klarte å gjere språket i serien til noko ungdom frå Sverige og Danmark kjende seg igjen i.

Manusforfatteren for dramaserien Skam, Julie Andem, mottar Nordens språkpris
Manusforfatteren for dramaserien Skam, Julie Andem, mottar Nordens språkpris

Språk til utlån!

Kvar kjem alle orda i ungdomsspråket frå? Mange av dei låner vi frå andre språk. Ikkje minst engelsk. Vi reiser, shoppar og jobbar på tvers av landegrenser. Vi ser engelskspråklege seriar, gamar med folk frå andre land og kommuniserer gjennom sosiale medium.

En jordklode med snakkebobler over. I snakkeboblene står det: Obsessed!, Mindset, You know, btw, ilu og basic.

Importorda

Mange av orda vi låner, blir til slutt ein vanleg del av språket vårt. Vi kallar slike lånord for importord.

Nokre lånord har vore i språket vårt i mange hundre år. Det gjeld betale, fridom og begynne. Desse orda har blitt ein heilt vanleg del av språket vårt, og vi tenkjer ikkje på at dei er lånord. Det er lettare å forstå at nyare importord som selfie, game og chatte er lånte frå engelsk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en jente som sier
Illustrasjon av en jente som sier "Jeg må endre mindset" til venninnen sin.

Banning

Ungdomsspråk inneheld ofte mykje banning. Nokre gongar banner vi for å få utløp for kjenslene våre. Til dømes når vi får dårleg karakter på den f**** matteprøva. Andre gongar brukar vi banneord for å verke kule. Kanskje du òg gjer det når du snakkar med venner på skulebussen.

Blank Word-bakgrunn med snakkebobler som sier stygge ord med symboler
Blank Word-bakgrunn med snakkebobler som sier stygge ord med symboler

Ungdomsspråk- ei byrde eller ei beriking?

Ungdomsspråket gir oss tilhøyrsle til dei vi er saman med. Det er viktig for identiteten vår. Men er ungdomsspråket positivt eller negativt? Det er det ulike meiningar om. Men ein ting er heilt sikkert.

Så lenge det finst ungdom, finst det ungdomsspråk. Slik har det nok alltid vore. Spør berre bestefaren din om han er “slapp i kloa” eller “eit ålehue”. Kanskje han svarer deg med “jøssenam på trappa, kvar har du lært dei uttrykka der?” Det er jo eit fint utgangspunkt for ein samtale rundt språkskillsa til bestefar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en bestefar og en gutt som snakker sammen. I gutten sin snakkeboble står det
Illustrasjon av en bestefar og en gutt som snakker sammen. I gutten sin snakkeboble står det "et ålehue!" og i bestefaren sin står det "jøssenam på trappa, hvor har du lært de uttrykkene der?"

Kjelder:

  • Andem, Julie:
    Skam sesong 1: Eva, Råmanus
    (2018)
    Armada forlag
  • Hausund, Ingrid Kristine:
    Ungdomsspråk
    (2006)
    Fagbokforlaget

Bilde- og videorettar:

    1. Adobe Stock
    2. Adobe Stock
    3. Adobe Stock
    4. Getty Images
    5. Skolerom
    6. Foreningen Norden – Flickr
    7. Adobe Stock
    8. Adobe Stock
    9. Skolerom
    10. Adobe Stock