Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
Sex og forventingar
Viss vi skal snakke om sex, er det viktig med ei avklaring. Vi tar utgangspunkt i at det er to eller fleire menneske som har lyst til å ha sex med kvarandre. For viss ikkje ein har lyst, hvis det berre er éin som har lyst til å ha sex, då har ein ikkje sex. Då er det noko anna. Så når ein snakkar om at nokon har sex, så betyr det at dei som har sex, har lyst på sex.
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
Alle skal få lov til å vere nybegynnarar
Du kan sjå på det å starte med å ha sex som å lærekøyre med bil. Viss du berre har sett Fast and the Furious, eller biljaktscener kor dei køyrer i 120 km i timen i gatene, så er jo ikkje dette på nokon måte vanleg bilkøyring. Det er nøye regissert og øvd på i fleire timar med mange opptak. Dei som køyrer bilane på filmen, ser ikkje ut til å ta omsyn til nokon andre enn seg sjølv, dei berre gønnar på.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
En illustrert, rød racerbil.
Øving gjer meister!
I staden for å starte på motorvegen eller med full biljakt i 120, så er det fint å ha ein parkeringsplass du kan teste ut køyringa litt grunnleggjande først. Det same gjeld for sex.
Du kan begynne å onanere og kjenne på din eigen kropp og seksualitet først, som om du er på ein stor og tom parkeringsplass utan nokon andre å ta omsyn til. Når du skal svinge ut på vegen, så kan du ta nokre rolege småvegar og kanskje ikkje forvente at du meistrar motorvegen i rushtida med éin gong.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?