Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
Sex og forventingar
Ok. Sex. Vi tenkjer slik: Det er to eller fleire som har lyst til å ha sex saman. Aller viktigst er lyst. Det er ikkje sex om éin av dei ikkje har lyst. Då er det noko anna.
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
Alle skal få lov til å vere nybegynnarar
Har du sett biljakt på TV? Eller Fast and the Furious? Dei køyrer vilt og fort. Gønnar på. Tek ikkje omsyn til nokon. Det ser så lett ut. Men det er ingen som køyrer slik i røynda, heldigvis. For å bli ein god sjåfør må du øve. Tenk slik på sex òg. Du er ikkje meister til å begynne med. Du må øve.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Fra 0 til 100 på 3 sekund?
Når du sit bak eit ratt for første gongen, er alt nytt. Kanskje kveler du bilen, eller er usikker på kvar bilen skal liggje i vegen. Du må unngå å krasje med nokon, og du må kunne trafikkreglane. Det er mange ting å passe på. Litt sånn er det med sex i starten óg. Du kan lett bli stressa. Alt går ikkje like smooth som du tenkte.
En illustrert, rød racerbil.
Øving gjer meister!
Ingen køyrer perfekt første gongen. Ein tom parkeringsplass er fin å teste på. Lære bilen å kjenne. Ta nokre rolege småvegar. Ikkje rett i 120 på motorvegen. Sånn er det med sex òg. Du må bli kjend med eigen kropp. Du kan onanere. Finne ut kva du liker. Sex startar med å prøve og lære. Ingen kan alt i begynnelsen.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio harho i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?