Pengar veks ikkje på tre!

Har du høyrt dette bli sagt nokon gong? Mange vaksne liker av ein eller annan grunn å bruke dette uttrykket.

Accessibility icon Pengar veks ikkje på tre!

Nei, pengar veks
ikkje på tre

Det er det jo ingen som trur! Kvifor blir dette uttrykket brukt så ofte då? 

Det ein meiner når ein brukar dette uttrykket, er at pengar ikkje er så lett å få tak i, og at ein må jobbe for å få tak i dei.

Vi må jobbe og spare pengar for å kunne kjøpe det vi har lyst på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sparing

Får du pengar i gåve? Jobbar du ved sida av skulen eller har sommarjobb? Eller kanskje du får vekelønn for å hjelpe til heime? Kva gjer du med desse pengane?

Eit godt råd er å prøve å spare litt. Då er det lurt å setje pengane på ein sparekonto. Den har ofte ei litt høgare rente enn det vi kallar for brukskonto. Det betyr at pengane dine veks raskare.

Det er lurt å begynne å spare så fort ein kan. Og det er alltid betre å spare litt enn ingenting. Kva synest du det er smart å spare til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tene pengar sjølv

Det er ikkje så lett for unge å få ein jobb, men du kan prøve å tenkje ut ting du kan gjere. Kanskje du får deg småjobbar ved sida av skulen, eller ein sommarjobb som gjer at du kan tene litt pengar.

Viss du jobbar i ei bedrift, får du ein lønnsslipp. Den viser kva du har tent. Bedrifta trekkjer også frå den skatten du må betale viss du tener meir enn frikortbeløpet. Frikortbeløpet er ei grense for kor mykje du kan tene før du må betale skatt.

Du får ikkje lønn i ferien, men du har krav på feriepengar som svarer cirka til 10 prosent av det du tente året før. Viss du tente 50 000 kroner i fjor, vil du få 5100 kroner utbetalt i år som feriepengar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Å betale skatt

Frikort

Viss du tener mindre enn 70 000 kroner i året, kan du ha eit frikort. Eit frikort betyr at arbeidsgivaren din ikkje skal trekkje skatt av lønna di. Viss du får feriepengar frå året før, blir dei rekna med i dei 70 000 kronene.

Frikortbeløpet på 70 000 kroner var for 2023, og beløpet blir endra kvart år.

Skattekort

Viss du tener over frikortbeløpet, må du ha eit skattekort. På skattekortet ser arbeidsgivaren din kor mykje dei skal trekkje i skatt før dei betaler deg lønn. Det er kor mykje du reknar med å tene på eitt år som avgjer kor mykje skatt du skal betale.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Betalingsmiddel

Eit betalingsmiddel er det vi brukar til å betale for varer eller tenester. Dei vanlegaste betalingsmidla er kontantar, kredittkort og elektroniske pengar. Elektroniske pengar er pengar vi har på bankkortet.

Kort eller kontant?

Pengesetlar og myntar er det vi kallar kontantar. Det var det vanlegaste å betale med før. No brukar dei fleste bankkort og betaler med elektroniske pengar. 

Elektronisk betaling på nett og bruk av appar, er også utbreidde i Noreg. Vipps er eit døme på dette.

Det er to typar bankkort: kredittkort og debetkort.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kredittkort

Kredittkort er eit betalingskort der du har eit visst beløp du kan låne på kortet. Vi kallar det beløpet kredittgrense. Då kan du handle opptil kredittgrensa, sjølv om du faktisk ikkje har pengar på bankkontoen din. Du må betale på lånet kvar månad, men du treng ikkje betale alt på ein gong.

Du kan betale tilbake det du skuldar på kredittkortet over fleire månader eller år. Men betaler du ikkje alt på første rekning, vil du ende opp med å betale meir enn det du har lånt. Det er fordi du må betale renter. Renter er prisen du betaler for å få låne pengar. Derfor er det smart å unngå å handle på kreditt.

Å kjøpe på kreditt kan sjølvsagt lønne seg nokre gongar. Kanskje er det noko som er billigare å kjøpe akkurat no, enn å vente til du har spart opp nok pengar. Då kan det vere at renter og gebyr du skal betale på lånet, er mindre enn beløpet du sparer ved å kjøpe der og då. Berre hugs at du må ha ein plan for å betale tilbake for at det skal lønne seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Debetkort

Eit debetkort er eit betalingskort. Når du brukar det, trekkjer banken pengane frå kontoen din med ein gong. Det er det vi kallar vanleg bankkort. Du må ha nok pengar på kontoen for å kunne betale. Du kan ikkje låne pengar på debetkortet.

Nokre gongar må du betale eit lite gebyr for å ta ut pengar eller bruke kortet til å kjøpe ting. Men vanlegvis er ikkje gebyra så høge.

Når du betaler for noko med debetkort, kan du vere sikker på at du ikkje brukar meir enn du har.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bli sjef over di eiga lommebok!

Så sjølv om det kan vere freistande å ønskje seg mykje pengar utan å jobbe for det, er det viktig å forstå at ein må jobbe for å tene pengar og oppnå økonomisk tryggleik.

Det å lære å ta ansvar for pengane sine, er faktisk ein veldig viktig del av det å bli vaksen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Meinich, Per: penger i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 18. november 2021 frå https://snl.no/penger

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images / NRK Skole
    5. Getty Images
    6. Adobe Stock
    7. Adobe Stock
    8. Getty Images