Teknologi som kan redde planeten vår
Etter nesten 200 år med forbruk av fossilt brensel begynner vi no å sjå skadeverknadene på jorda. Økoteknologi – såkalla grøn teknologi – kan by på løysingar som kan bremse eller snu denne tendensen, og styre oss vekk frå bruken av kol, olje og naturgass.
Transport
Grøn teknologi skal sørgje for at vi framleis kan køyre, sjølv når vi må gi opp diesel. Drivstoffet som driv sola, hydrogen, kan vere eit brukbart alternativ til bensin. Elektriske bilar, som har blitt sett på sidelinja i over hundre år, er no tilbake igjen.
Historia til elbilen
Kraft
Vi treng fleire heimar, men vi treng også meir miljøvennlege måtar å drive dei på.
Kva er fornybar energi?
Kogenerasjon og fjernvarme
Mange byar og kommunar i dei nordiske landa brenner søppel for å få varme og straum. Med dette systemet har Sverige greidd å oppnå ei attvinningsgrad på 99 prosent, dei kjøper til og med søppel fra nabolanda for å drive dei kombinerte varme- og kraftanlegga sine. I nokre tilfelle har desse anlegga 80 prosent effektivitet, som betyr at mindre drivstoff kan konsumerast for å produsere den same mengda nyttig energi som i tradisjonelle kraftverk.
Det fungerer på fleire skalaer også, frå forbrenningsomnar forbunde med store nettverk av varmtvannsrøyr som varmar opp heile byar, til mindre system som varmar opp ein bygning og gir elektrisitet.
Dampsystemet på Manhattan blir brukt til å varme opp 100 000 hus, og nokre få andre amerikanske byar har planlagt å installere tilsvarande system.
Potensiell CO2-reduksjon i energiproduksjon innen 2050
Foto: By Beyond My Ken
Kva er fornybar energi?
Kjelder:
- Den vitenskapelige guiden til jordens framtid (2018)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (16.06.2020): Ecotechnology
https://en.wikipedia.org/wiki/Ecotechnology
- Wikipedia (16.06.2020): Luftskipet «Hindenburg»
https://no.wikipedia.org/wiki/Luftskipet_%C2%ABHindenburg%C2%BB
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
iStock
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
NRK
-