Teknologi som kan redde planeten vår
Etter nesten 200 år med forbruk av fossilt brensel, begynner vi no å sjå skadeverknadene på jorda. Økoteknologi – såkalla grøn teknologi – kan by på løysingar som kan bremse eller snu denne utviklinga, og styre oss vekk frå bruken av kol, olje og naturgass.
Transport
Grøn teknologi skal sørgje for at vi framleis kan køyre, sjølv når vi må gi opp diesel og bensin. Drivstoffet som driv sola, altså hydrogen, kan vere eit brukbart alternativ. Og elektriske bilar blir stadig meir populære.
Historia til elbilen
Kraft
Vi treng også meir miljøvennlege måtar å skaffe straum til husa våre på.
Kva er fornybar energi?
Kogenerasjon og fjernvarme
Mange byar og kommunar i dei nordiske landa brenner søppel for å få varme og straum. Med dette systemet har Sverige greidd å oppnå ei attvinningsgrad på 99 prosent. Dei kjøper til og med søppel frå nabolanda for å drive dei kombinerte varme- og kraftanlegga sine. I nokre tilfelle har desse anlegga 80 prosent effektivitet, noko som betyr at mindre drivstoff går med for å produsere den same mengda nyttig energi som i tradisjonelle kraftverk.
Det fungerer på fleire skalaer også, frå store nettverk av varmtvannsrøyr som varmar opp heile byar, til mindre system som varmar opp ein bygning og gir elektrisitet.
Dampsystemet i New York i USA blir brukt til å varme opp 100 000 hus, og nokre få andre amerikanske byar har planlagt å installere tilsvarande system.
Kva er fornybar energi?
Kjelder:
- Den vitenskapelige guiden til jordens framtid (2018)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (16.06.2020): Ecotechnology
https://en.wikipedia.org/wiki/Ecotechnology
- Wikipedia (16.06.2020): Luftskipet «Hindenburg»
https://no.wikipedia.org/wiki/Luftskipet_%C2%ABHindenburg%C2%BB
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
iStock
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Beyond My Ken (CC BY-SA 4.0)
-
NRK
-