Kva er ein algoritme?
For å forstå kva algoritmisk tankegang betyr, må ein først forstå omgrepet algoritme. Ein algoritme er eit matematisk fagord. Det kan bli forklart med at det er ei liste med instruksjonar som skal bli utførte i ei bestemt rekkefølgje.
Som til dømes når ein Formel 1-bil skal inn til pitstop for å skifte hjul. Dette skal skje raskast mogleg, og då må alt bli gjort i rett rekkefølgje.
Formel 1 pitstop
Knepper skjorte
Oppskrifter er algoritmar
Dersom vi fekk beskjed om å bake bollar for første gong berre ved å sjå eit bilde av bollar, hadde vi mest sannsynleg mislykkast. Vi treng nemleg ei oppskrift (ein algoritme), anten frå ei bok eller noko vi hugsar utanåt. Nokre gongar er det viktig å gjere ting i rett rekkjefølgje. Vi puttar til dømes ikkje gjær inn i bollane etter at dei er steikte.
Ein algoritme må derfor vere heilt nøyaktig, og han må sikre at ting skjer i rett rekkefølge for at han skal kunne bli brukt.
Dette er vanskeleg!
I denne videoen får du sjå ein far som heilt eksakt utfører dei instruksjonane han får når han skal smørje ei brødskive. Det viser kor vanskeleg det kan vere å gi heilt tydelege beskjedar.
Algoritmer
Algoritme bakgrunn
Kjelder:
- Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 4. november 2021 frå https://snl.no/algoritme
- Apeland (25.10.2021): Hva er en algoritme?
https://www.apeland.no/hva-er-en-algoritme/
- UiT Noregs arktiske universitet (25.10.2021): Algoritmer styrer din hverdag
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=424614
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Gettyr Images
-