Kva er ein algoritme?
Ein algoritme er ei liste med beskjedar om kva som skal bli gjort, og i kva slags rekkefølgje ein skal gjere ting. Dersom ein Formel 1-bil skal skifte dekk i eit billøp, skal det skje raskt. Då må alt bli gjort i rett rekkefølgje.
Formel 1 pitstop
Knepper skjorte
Oppskrifter er algoritmar
Når du skal bake bollar, er det vanskeleg å vite kva du skal gjere om du berre får sjå eit bilde av bollane. Vi treng ei oppskrift. Ei oppskrift er ein algoritme. Oppskrifta fortel kva vi skal gjere og i kva rekkjefølgje vi skal gjere ting.
Det blir ikkje gode bollar om oppskrifta er feil. Tenk om det stod at du skulle ha salt i staden for sukker. Då ville det ikkje smake godt. Ein algoritme må derfor vere heilt korrekt. Han må seie akkurat kva vi skal gjere, og i kva rekkjefølgje vi skal gjere ting. Viss algoritmen er feil, kan vi ikkje bruke han.
Dette er vanskeleg!
Ein pappa gjer akkurat det barna hans seier han skal gjere. Barna er ikkje så flinke til å forklare heilt nøyaktig kva dei meiner. Då gjer pappaen mange rare ting. Det er vanskeleg å gi heilt tydelege beskjedar.
Algoritmer
Algoritme bakgrunn
Kjelder:
- Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 4. november 2021 frå https://snl.no/algoritme
- Apeland (25.10.2021): Hva er en algoritme?
https://www.apeland.no/hva-er-en-algoritme/
- UiT Noregs arktiske universitet (25.10.2021): Algoritmer styrer din hverdag
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=424614
Bilde- og videorettigheter:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-