Kva skal eg bli når eg blir stor?

Kva skal du bli når du blir stor? Det er for mange eit vanskeleg spørsmål å svare på. Andre veit nøyaktig kva dei skal bli. Vi blir påverka av foreldre og familie, venner og miljøet rundt oss. Kva er det som bestemmer kva du blir når du blir stor?

Accessibility icon Kva skal eg bli når eg blir stor?

Kva skal eg bli
når eg blir stor?
 

Kva drøymer du om å bli? Astronaut? Fotballspelar? Kokk? Vil du tene masse pengar, eller vil du hjelpe andre?

Det finst utruleg mange yrke. Når du skal velje eit yrke, er det viktig å hugse på at du skal jobbe i mange år. Då er det viktig at du trivst i jobben!

Det er ditt val, men det er lurt å spørje andre om hjelp og råd. Dei nærmaste du har, er familien din.

Astronaut ser ned på jorda
Astronaut ser ned på jorda

I fotspora til foreldra

Sjølv om den samiske kulturen har forandra seg dei siste åra, er det framleis viktig at barn og unge fører vidare dei gamle tradisjonane. Viss ikkje kan den samiske kulturen forsvinne.

Derfor er mange familiar opptekne av at barna skal vekse opp med samiske tradisjonar. Dei lærer å bruke kniv, passe på reinsdyra og ta vare på naturen. Barna skal følgje i fotspora til foreldra sine.

Elles i Noreg har kanskje ikkje foreldre den same påverknaden på barna sitt val av jobb. Ein har kanskje større fridom til å bli det ein vil.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn som jobber med reinsdyr
Barn som jobber med reinsdyr

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!