Kva skal eg bli når eg blir stor?

Kva skal du bli når du blir stor? Det er for mange eit vanskeleg spørsmål å svare på. Andre veit nøyaktig kva dei skal bli. Vi blir påverka av foreldre og familie, vennar og miljøet rundt oss. Kva er det som bestemmer kva du blir når du blir stor?

Accessibility icon Kva skal eg bli når eg blir stor?

Kva skal eg bli
når eg blir stor?
 

Kva drøymer du om å bli? Astronaut? Fotballspelar? Kokk? Vil du tene mest mogleg pengar sjølv, eller vil du gjere ein innsats for andre?

Det finst utruleg mange yrke, og du skal velje eitt av dei. Eller kanskje du vil prøve ut mange forskjellige jobbar? Uansett kva du vel, skal du jobbe i mange år. Då er det viktig at du trivst i jobben!

Det er ditt val, men søk hjelp og råd fra nokon som har erfaring. Dei nærmaste du har, er familien din. 

Astronaut ser ned på jorda
Astronaut ser ned på jorda

I fotspora til foreldra

Sjølv om den samiske kulturen har endra seg dei siste tiåra, er det framleis viktig at barn og unge held på dei gamle tradisjonane. Viss ikkje kan den samiske kulturen på sikt forsvinne.

Derfor er mange familiar opptekne av at barna skal oppsedast etter samisk tradisjon. Dei lærer å bruke kniv, passe på reinsdyra og får opplæring i korleis naturen skal forvaltast rett. Det ligg litt i oppsedinga at barna skal følgje i fotspora til foreldra. Det gjer at miljø og arv har stor påverknadsskraft på dei vala barna tek når dei veks opp.

Elles i Noreg har kanskje ikkje foreldre den same påverknadskrafta på yrkesvalet til barna. Fridomen til å bli kva ein vil, er ofte større.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn som jobber med reinsdyr
Barn som jobber med reinsdyr

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!