Kva er NATO?

NATO dukkar stadig opp i nyheitene når det er snakk om krigar og konfliktar verda over, men kva er eigentleg denne organisasjonen, kven er med, og kva oppgåver har organisasjonen?

Accessibility icon Kva er NATO?

Her signerer Noregs
utanriksminister
Halvard Lange avtalen …

… og sidan denne augneblinken, den 4. april 1949, har Noreg vore medlem av NATO. Men kva er eigentleg NATO?

Utenriksminister Halvard Lange signerer Atlanterhavspakten på vegne av Norge

Kvifor vart NATO oppretta?

Etter andre verdskrigen fekk mange land eit stort behov for meir internasjonalt samarbeid, slik at ein kunne unngå nye, øydeleggjande krigar. Dei hadde også erfart konsekvensane av atomvåpen etter at USA bomba byane Hiroshima og Nagasaki. I tillegg frykta dei ekspansjon frå det mektige, kommunistiske Sovjetunionen.

Det førte til at tolv vestlege land, inkludert Noreg, gjekk saman om å opprette ein forsvarsallianse, og den 4. april 1949 vart Atlanterhavspakta underteikna.

Det mest sentrale i avtalen er artikkel 5, og han lyder som følgjer:

«Eit væpna angrep mot éin eller fleire av dei tilslutta statane skal betraktast som eit angrep mot dei alle».

Viss Noreg blir angripe, vil altså alle NATO-land hjelpe Noreg.

Med jamne mellomrom har fleire land slutta seg til pakta, og inkludert Finland som vart innlemma 4. april 2023 og Sverige som vart innlemma 7. mars 2024, består NATO av 32 medlemsland. Ukraina ønskjer seg også NATO-medlemskap.

Flaggene til Natos medlemsland

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.

Kva er NATO i dag?

I dag er NATO framleis ein  forsvarsorganisasjon og ein viktig del av vestleg sikkerheitspolitikk. Hovudkvarteret ligg i Brussel i Belgia, og organisasjonen består hovudsakleg av to delar: Det nordatlantiske rådet og Militærkomiteen.

Det nordatlantiske rådet

Her møtest alle medlemslanda for å diskutere sikkerheitspolitikk. I rådet er det mange grupper som spesialiserer seg på forskjellige sikkerheitspolitiske spørsmål rundt diplomati, sikkerheitstruslar og atomvåpen.

Militærkomiteen

Denne komiteen består av medlemslanda sine forsvarssjefer. Dei gir militære råd til Det nordatlantiske rådet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Natos møterom i Brussel
Natos møterom i Brussel

Korleis fungerer NATO?

Den mest sentrale artikkelen i NATO er artikkel 5, som kort forklart betyr at medlemslanda må hjelpe kvarande politisk og militært viss dei blir angripne. Samtidig skal NATO jobbe for å beskytte folk, forme partnarskap, bekjempe nye truslar og byggje fred og stabilitet.

Sjølv om NATO er ein organisasjon som består av medlemsland, må alle avgjerder baserast på konsensus, altså semje. Er til dømes Noreg og Danmark usamde om noko, må dei finne fram til ei semje før NATO kan komme til ei klar og tydeleg avgjerd.

Ei av årsakene til at alle medlemslanda må være samde, er at NATO har få eigne militærstyrkar. Alliansen består av den samla militærstyrken til medlemslanda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse

NATO-involvering i krig

NATO har ikkje vore involvert i mange krigar, men det er to som skil seg ut gjennom historia.

Kosovokrigen i 1999

I det gamle Jugoslavia ønskte Serbia at Kosovo skulle vere ein del av den serbiske staten, men det ønskte ikkje befolkninga i Kosovo. Resultatet vart at Serbia gjekk til militært angrep mot Kosovo.

Dette gjekk spesielt hardt ut over kosovoalbanarane, ei etnisk gruppe i Kosovo. FN og NATO engasjerte seg derfor for å stoppe angrep på Serbia og undertrykking av kosovoalbanarane.

Afghanistan

Aktivering av artikkel 5 har berre skjedd éin gang i historia. Den 11. september 2001 vart USA angripe av terrororganisasjonen al-Qaida som held til i Afghanistan. NATO gjekk derfor til angrep mot Afghanistan med godkjenning frå FN.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999

Ny situasjon i Europa

Det vart ei tydeleg endring i Europas tryggleiks- og forsvarspolitikk etter 24. februar 2022. Det var den dagen Russland gjekk til angrep på Ukraina.

Krigen har skadd relasjonen mellom Russland og vestlege land, og han har ført til ei høg spenning mellom Russland og deira næraste naboland.

Nabolanda våre Sverige og Finland har alltid stått utanfor forsvarsalliansen NATO, men då Russland angreip Ukraina, endra svensk og finsk politikk seg på kort tid.

Både Finland og Sverige valde då å avslutta dei alliansefrie linjene sine, og 18. mai, 2022, leverte dei søknad om medlemsskap i NATO.

Då Stoltenberg tok imot søknadene frå Finland og Sverige på toppmøtet i alliansen i juni, beskreiv han augneblinken som «historisk».

Han forsikra om at NATOs dør står open for land som er «førebudde og villige til å bidra til vår felles tryggleik».

📷 Sverige og Finland leverte søknaden sin om medlemskap samtidig. På biletet ser me Finlands utanriksminister Pekka Haavisto, NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utanriksminister Ann Linde.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde

Kva tenkjer norske politikarar?

I Noreg er det brei semje mellom dei to store partia Arbeidarpartiet og Høgre, om at Noreg skal vere medlem av NATO. Den norske venstresida har lenge vore skeptisk, og då spesielt partiet Raudt. Dei har grunngjeve dette med eit ønske om å vere meir uavhengige av USA, og at dei meiner at krigføring ikkje er den rette måten å skape fred og stabilitet i verda på.

SV har moderert sitt tidlegare kritiske NATO-standpunkt etter at Finland og Sverige søkte om medlemskap.

📷  Kong Harald og NATOs generalsekretær, Jens Stoltenberg, følgjer med under ein demonstrasjon av jagarflyet F-35 Joint Strike Fighter.
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. NATO
    2. NATO / NATO – YouTube
    3. NATO
    4. NATO
    5. Getty Images
    6. NATO
    7. NATO