Kva er FN?

24. oktober kvart år blir FN-dagen markert over heile verda. Men kva er FN, og kva slags oppgåver har eigentleg FN?

Accessibility icon Kva er FN?

Målet var å sikre evig fred

Foreinte Nasjoner (FN) vart oppretta like etter andre verdskrigen med hovudformål å unngå krig i framtida. Etter to verdskrigar på berre nokre få tiår, bestemte 51 land seg for å skrive under FN-pakta. Pakta beskriv korleis landa kan sikre fred mellom statar, jamne ut økonomiske og sosiale forskjellar i verda og sikre alle menneske dei same rettane.

📷  Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakta ved ein seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Éin for alle – alle for éin

FN er ein global internasjonal organisasjon som vart etablert i 1945. Per 2022 har FN 193 medlemsland. Med nokre få unntak, som Vatikanstaten i Roma, er alle suverene statar i verda medlem. FN har hovudkontor i New York i USA. Noko av det toppleiarane i medlemslanda gjer kvart år, er å  møtast i FN-bygningen for å diskutere, kritisere kvarandre, eller prøve å bli samde om kva reglar som skal gjelde i internasjonal politikk. For å utrette noko må medlemslanda stå samla. Og med så mange ulike land er det ikkje alltid så enkelt.

Samarbeid for ei tryggare verd

Verda kan sjå dyster ut i våre dagar, men det finst håp i alt det humanitære og fredsbevarande arbeidet som blir gjort over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Kva er eigentleg jobben til FN?

Det viktigaste målet til FN er å verne internasjonal fred og tryggleik. For å oppnå det har FN plikt til å bruke fredelege middel, men i nokre tilfelle har dei opna for bruk av våpenmakt. Eit døme er då FN godkjende bombing av Libya i 2011 for å frigjere befolkninga frå eit diktatorisk styre under Muammar al-Gaddafi. Det var NATO som tok oppdraget med angrepet, og Noreg var eitt av 15 land som deltok med bombefly.

FN har ikkje eigen hær

FN har ikkje eigne militære styrkar og er avhengig av at medlemslanda stiller med våpen og personell når det blir kravd. FN er ein fredsbevarande organisasjon, og soldatar under FN-flagg kan bruke våpen for å sikre fred. FN jobbar for fredelege løysingar i samarbeid med medlemslanda. Til forskjell frå NATO som er ein militærallianse. NATO skal verne medlemslanda sine mot angrep utanfrå og har soldatar og våpen til rådvelde. FN og NATO kan samarbeide viss situasjonen krev ein militær aksjon.

Ikkje berre krig og fred

FN skal skape samarbeid for å løyse dei økonomiske, sosiale, kulturelle og humanitære problema i verda. Det betyr å utrydde fattigdom, stanse farlege sjukdommar, forhindre analfabetisme, stoppe miljøøydeleggingar og jobbe for likestilling. FN skal fremje menneskerettar og grunnleggjande fridom for alle menneske utan omsyn til rase, kjønn, språk eller religion. For å nå desse måla må FN stå saman. Og denne jobben blir gjort kvar einaste dag!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.

Pliktar og rettar

Alle medlemsstatar i FN er suverene og likestilte, men fem av dei skil seg ut. Dette får du vite meir om når vi kjem til FNs Tryggingsråd. Ein suveren stat er eit land som bestemmer over seg sjølv i det geografiske område sitt. FN skal ikkje blande seg inn i det indre forholdet til medlemsstatane, så sant det ikkje går føre seg brot på menneskerettar eller blir utvikla væpna konfliktar.

Fredeleg konflikthandtering

Alle medlemsstatane skal følgje forpliktingane og støtte arbeidet til FN. Medlemsstatane er dermed forplikta til å prøve å løyse internasjonale usemjer gjennom fredelege middel og utan å krenkje internasjonal fred, tryggleik eller folkeretten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.

FN er ein stor organisasjon

For å kunne jobbe effektivt og godt med alle saker er FN inndelt i ulike grupper (organ). Kvar gruppe har sine ansvarsområde.

FNs generalforsamling

FNs generalforsamling er saman med Tryggingsrådet det viktigaste organet i FN. Der stiller alle medlemsstatane likt, og har kvar si stemme når dei skal ta viktige val. Mesteparten av det FN utfører, blir vedteke her. Generalforsamlinga møtest kvar haust i FNs hovudkvarter i New York.

FNs generalforsamling
FNs generalforsamling

FNs tryggingsråd

Tryggingsrådet overvaker verdssituasjonen,  og det har plikt til å gripe inn når internasjonal fred og tryggleik er trua. Gjennom FN-pakta har Tryggingsrådet myndigheit til å bruke militærmakt. Alle medlemslanda i FN er pliktige til å følgje vedtak gjort av Tryggingsrådet.

Medlemmar av  Tryggingsrådet

Dersom land ikkje klarer å løyse konfliktar med fredelege middel på eiga hand, kan dei spørje Tryggingsrådet om hjelp. 15 land er medlemmar av FNs tryggingsråd. Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA er faste medlemmar. Dei ti resterande medlemmane blir valde av FNs generalforsamling for to år om gongen.

Ikkje alltid fleirtalet som bestemmer

Kvar medlem av Tryggingsrådet har éi stemme. Det trengst eit fleirtal på ni stemmer for å fatte eit vedtak, men kvar av dei fem faste medlemmane kan stemme imot. Dei har noko vi kallar vetorett. Dei kan dermed hindre at vedtak blir godkjende. Det vil seie at Russland kan leggje ned veto og forhindre at Tryggingsrådet kan gjere noko med krigen i Ukraina. Noreg og andre land meiner at denne vetoretten bør bli reforhandla. Eitt vetoland bør ikkje kunne stanse hovudoppgåva til Tryggingsrådet: å halde ved like fred og tryggleik.

Vetorett og brot på folkeretten

I krigen mellom Russland og Ukraina har Russland lagt ned veto mot innblanding av FN. Derfor kan ikkje FN offentleg gå ut med ei fordømming av handlingane eller gå til væpna angrep for å skape fred. I 2003 prøvde USAs utanriksminister Colin Powell å overtyde resten av FNs tryggingsråd om at Irak produserte atomvåpen, og at USA derfor måtte gå til krig mot Irak. Avgjerda om å gå til krig mot Irak vart aldri vedteken i Tryggingsrådet, men USA gjekk til krig likevel. Powell var heilt sikker på at USA gjorde verda ei stor teneste, men bevisa dei sat på, var feil. Krigen var derfor eit brot med folkeretten.

Nye land i FN må bli godkjende

I tillegg til arbeidet for fred og tryggleik har Tryggingsrådet oppgåva med å foreslå ny generalsekretær. Det er eit anna namn på FNs øvste leiar.  Generalforsamlinga tar det formelle valet. Nye medlemsland må og bli godkjende av Tryggingsrådet, før rådet anbefaler dei vidare til Generalforsamlinga, som stemmer over det.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
FNs sikkerhetsråd
FNs sikkerhetsråd

Den internasjonale domstolen

Den internasjonale domstolen er FNs juridiske hovudorgan. Det er berre statar som kan bringe saker opp for denne domstolen. Hovudoppgåva til domstolen er å avgjere strid og konfliktar som oppstår mellom to medlemsland. Domstolen kan gi juridiske råd til Tryggingsrådet og Generalforsamlinga. Domstolen ligg i Haag i Nederland og består av 15 dommarar. 9 av dommarane må vere samde for at Domstolen kan fatte ei avgjerd. Dommarane er uavhengige og skal ikkje opptre som representantar for landa sine.

Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.
Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.

FN passar på verda

FN har som jobb å passe på heile verda. Passe på at alle har det dei treng for å leve godt, og unngå krig og brot med menneskerettar. For denne enorme innsatsen har FN mottatt Nobels fredspris mange gonger.

📷  Bronserevolveren har tittelen «Non-Violence» og vart utforma i 1985 av den svenske kunstneren Carl Fredrik Reuterswärd (1934–2016). Han har blitt eit symbol for fred rundt om i verda og står mellom anna som skulptur utanfor FN-bygningen i New York.

Fredsbevarande styrkar

FN har oppretta fleire enn 70 fredsbevarande operasjonar. Det vil seie at dei har sendt fredsbevarande styrkar under FN-flagg for å bevare eller gjenopprette fred og stabilitet i mange ulike land.

Naud og fattigdom kan motverke fred

FN meiner at årsakene til krigen kan finnast i økonomiske og sosiale motsetningar. Fattigdom og naud er ofte ei årsak til konflikt. FN jobbar derfor mykje med å skape gode samfunnsforhold og betre levekår for alle. Og FNs høgkommissær for flyktningar gjer et viktig arbeid med å hjelpe og støtte flyktningar.

FNs berekraftsmål

I 2015 vart FNs berekraftsmål vedtekne av Generalforsamlinga. Berekraftsmåla består av 17 hovudmål og 169 delmål for kamp mot fattigdom og  klimaendringar, og kamp for ei  berekraftig sosial og økonomisk utvikling. I 2030 er målet at mykje av dette arbeidet er fullført.

Klimaendringar

FN arbeider òg for å kjempe mot klimaendringane. Dei bidrar til at statar forhandlar klimaavtalar, som til dømes Kyotoavtalen frå 1997 og Parisavtalen frå 2015. FNs klimapanel (IPCC) består av forskarar frå heile verda som skriv rapportar som gir grunnlag for mykje av klimadebattane og klimapolitikken som blir ført internasjonalt.

Menneskerettar

Verdserklæringa om menneskerettar vart til gjennom FN i 1948. FN etterforskar brot på menneskerettane og søker i størst mogleg grad fredelege løysingar. Med kraftige brot på menneskerettane kan dei ansvarlege måtte møte i den internasjonale domstolen og bli straffa.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Skulptur av en pistol med knute på løpet.
Skulptur av en pistol med knute på løpet.

Noreg og FN

Noreg har heilt sidan FN vart oppretta i 1945,  vore ein stor bidragsytar. Noreg har deltatt svært aktivt for å bidra til ein verdsorden basert på folkerett, fredeleg konfliktløysing og internasjonalt samarbeid. Samtidig har den norske FN-politikken òg handla om å bygge eit positivt bilde av Noreg som ein fredsnasjon.

I Noreg blir nok FN forbunde først og fremst med dei lyseblå hjelmane til dei fredsbevarende styrkane, men FN gjer så mykje meir enn det. Og Noreg har vore med sidan dag éin. Den første generalsekretæren i FN var norske Trygve Lie.

Bidreg med pengar og personell

Noreg bidreg med mykje pengar til FN og bistår med soldatar til FN-operasjonar. Det er og ei lang rekke nordmenn som har eller har hatt jobb i FN. I 2017 var Noreg den sjette største bidragsytaren i verda til dei mange aktivitetane i FN. Noreg har delteke med over 40 000 soldatar i 25 fredsbevarande operasjonar.

Skulane gjer eit viktig arbeid

Skular og barnehagar gjer eit viktig arbeid med å markere FN-dagen kvart einaste år. Då blir søkelyset retta mot fred, menneskerettar og hjelp til fattige og flyktningar.

Gjennom denne markeringa veks barn og ungdom opp med ei forståing av at internasjonalt samarbeid hjelper, og at alle kan bidra. For at FN skal utvikle seg vidare, må nye generasjonar forstå kor viktige dei mange oppgåvene til FN er.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg

Kva har FN eigentleg oppnådd?

Kvart år blir FN-dagen markert over heile verda, og vi har mykje å vere takknemlege for. Den innsatsen FN legg ned kvar einaste dag for å sikre fred, bistå flyktningar og gi mat og medisinar til fattige, er svært viktig.

Mange barn og vaksne er redde om dagen, og situasjonen i verda kan sjå temmeleg dyster ut. Men det finst håp der ute! Det er nokon som står på døgnet rundt heile året for å gjere verda til ein tryggare stad. Korleis hadde verda sett ut viss FN ikkje hadde gjort jobben sin?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
FN-soldat snakker med tre barn.
FN-soldat snakker med tre barn.

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Ravndal, Ellen Jenny; FN-sambandet: FN – Forente nasjoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 19. oktober 2022 frå http://snl.no/FN_-_Forente_nasjoner
  • Knudsen, Olav Fagelund: stat i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    18. oktober 2022 frå https://snl.no/stat

Bilde- og videorettar:

    1. Offentlig eiendom
    2. UN Photo
    3. UN Photo / Yutaka Nagata
    4. UN Photo / Rick Bajornas
    5. UN Photo / Rick Bajornas
    6. Getty Images
    7. UN Photo / Eskinder Debebe
    8. FN-sambandet
    9. UN Photo / Eskinder Debebe