Krinsløpet til vatnet

Krinsløpet til vatnet – eller den hydrologiske syklusen – er resirkuleringssystemet på jorda. Sidan vatn sjeldan forsvinn frå planeten, eller kjem hit frå verdsrommet, er det krinsløpet til vatnet som sørgjer for at elvane heile tida renn ut i hava, og at atmosfæren inneheld skyer og regn. Utan denne syklusen ville det ikkje vore liv på jorda.

Slik går det føre seg

Det regnet som fell i dag, har reist mellom skyer, hav og is på jorda i milliardar av år. Og heile krinsløpet blir drive av sola. Vatnet i havet blir varma opp av sola, fordampar og stig opp i atmosfæren som vassdamp. Dampen kjøler seg ned etter kvart som han stig, og på eit eller anna tidspunkt kondenserer han og dannar skyer. 

Omtrent 78 prosent av all nedbør blir ført rett tilbake til havet igjen. Resten fell ned over kontinenta og øyane på jorda. Noko av dette vatnet renn ut i elvar og innsjøar, og blir ført tilbake til havet herfrå. Vatn blir òg tilbakeført til hava mellom stein og jord langt nede i bakken, som grunnvatn.

Kva er avrenning?

Kva er infiltrasjon?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av hvordan vannets kretsløp er
Tegning av hvordan vannets kretsløp er

Ulike former 

Vatn som fell som snø over polane, kan nokre gonger bli gravlagt i millionar av år, heilt til det når eit hav i form av ein isbre som bevegar seg sakte framover. Vatnet som blir verande i det øvste jordlaget, kan fordampe opp i atmosfæren når det blir varma opp av sola.

Isberg på Jökulsárlón, Island
Isberg på Jökulsárlón, Island

Evapotranspirasjon

Alternativt kan plantane suge opp vatnet og sende det tilbake til atmosfæren gjennom blada sine. Dette kallar vi evapotranspirasjon. Når dyr et plantar, tek dei opp vatnet i kroppen og pustar det ut i lufta igjen.

Menneskeleg påverknad 

Vi menneske endrar krinsløpet til vatnet på jorda i stadig større grad. Vi byggjer byar og demningar, og legg vatnet i røyr slik at vi kan bruke det i industrien, i landbruket og dessutan som drikkevatn. 

Demning med fossefall
Demning med fossefall

Når krinsløpet øydelegg 

Flaum rammar titusenvis av menneske kvart år, slik som under den øydeleggjande monsunflaumen i Pakistan i 2010. Denne flaumen ramma rundt 20 millionar menneske og var resultatet av det kraftigaste monsunregnet på fleire generasjonar.

Den 8. august 2010 gjekk elva Indus over breiddene sine og drog med seg heile samfunn. Det er normalt for Pakistan å få halvparten av den årlege nedbøren (250–500 millimeter) i løpet av monsunmånadene juli og august, men dette året fekk landa 300 millimeter i løpet av éin dag – den 29. juli. Meteorologisk institutt har foreslått fleire årsaker til det uvanleg kraftige regnet, mellom anna forandringar i luftstraumdraga i dei øvre laga av atmosfæren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Landsby under vann
Landsby under vann

Flaum i Noreg 

21. og 23. juli 1789 vart Noreg ramma av Storofsen og den største flaumkatastrofen til no. Vinteren 1788/89 var tørr og kald, og på seinvinteren kom det mengder med snø. Når våren kom, vart det varmt og fuktig, og i juli kom det kraftig torevêr og mykje varme.

Dette uvêret utløyste mange jordskred og førte til tap av både menneskeliv, materiell, og dessutan naturøydeleggingar. Ein reknar med at rundt 60 personar mista livet i denne flaumen. Storofsen ramma Glomma, øvre delar av Drammenselva, Numedalslågen, Driva, Orkla og midtre delar av Gaula.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klimaendringar påverkar  

Klimaet på jorda har alltid forandra seg. Gjennom millionar av år har det vore varme og kalde periodar om kvarandre. Klimaendringar er derfor ikkje noko nytt. Likevel ser vi at vêret endrar seg fortare enn nokon gong før i jordas historie.

Når kloden blir varma opp, vil stader med mykje regn ofte få endå meir regn. Når det er varmare, fordampar det meir vatn frå havet og frå land. Fordi varm luft kan halde på meir fukt, inneheld skyene meir regn. I Nordaust-USA er talet på dagar med mykje regn fordobla dei siste 50 åra.

Når atmosfæren held på meir vatn, vil han òg kunne gi kraftigare stormar. Forskarar undersøkjer òg bevis for at havbølgjer veks seg større, og at dei bevegar seg raskare på grunn av at havvatnet har vorte varmare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS 
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images og Skagerak Energi Youtube
    3. Ukjent
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ukjent
    8. Getty Images