Krinsløpet til vatnet 

Krinsløpet er gjenbrukssystemet på jorda. Sidan vatn sjeldan forsvinn frå planeten, eller kjem hit frå verdsrommet, er det krinsløpet til vatnet som sørgjer for at elvane heile tida renn ut i hava, og at atmosfæren inneheld skyer og regn. Utan dette krinsløpet ville det ikkje ha vore liv på jorda. 

Slik går det føre seg

Det regnet som fell i dag, har reist gjennom skyer, hav og is på jorda i milliardar av år. Og heile krinsløpet vert drive av sola.

Fordamping frå havet

Vatnet i havet vert varma opp av sola, fordampar og stig opp i atmosfæren som damp frå vatnet.

Eit døme på fordamping er viss du gjer T-skjorta di våt ein varm sommardag for å kjøle deg ned. Du blir kjølt ned fordi vatnet som fordampar, bruker av varmen frå lufta rundt, og derfor går temperaturen ned.

Dampen kjøler seg ned etter kvart som han stig, og på eitt eller anna tidspunkt kondenserer han, og det blir dogg som formar skyer.

Omtrent 78 prosent av regn, snø eller andre former for vatn som fell ut av skyene, blir ført rett tilbake til havet igjen. Resten fell ned over kontinenta og øyane på jorda.

Noko av dette vatnet renn ut i elvar og innsjøar langs overflata og blir ført tilbake til havet den vegen. Dette heiter avrenning.

Vatn blir også ført tilbake til hava mellom stein og jord langt nede i bakken, som grunnvatn. Dette kallar vi infiltrasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av hvordan vannets kretsløp er
Tegning av hvordan vannets kretsløp er

Ulike former 

Vatn som fell som snø over polane, kan nokre gongar bli nedgrave i millionar av år, heilt til det endar opp i havet i form av ein isbre som bevegar seg sakte framover.

Vatnet som blir liggjande i det øvste jordlaget, kan fordampe opp i atmosfæren når det blir varma opp av sola.

Isberg på Jökulsárlón, Island
Isberg på Jökulsárlón, Island

Evapotranspirasjon

Akkurat som menneske pustar plantane også ut vassdamp – ein prosess vi kallar evapotranspirasjon. Plantane syg opp vatnet frå jorda gjennom røtene sine, og sender det tilbake til atmosfæren gjennom blada som damp. Når dyr et plantar, tar dei opp vatnet i kroppen og pustar det ut i lufta igjen.

Menneskeleg påverknad 

Vi menneske endrar krinsløpet til vatnet på jorda i stadig større grad. Vi byggjer byar og demningar, og vi legg vatnet i røyr slik at vi kan bruke det i industrien, i landbruket og dessutan som drikkevatn.

Demning med fossefall
Demning med fossefall

Når krinsløpet øydelegg

Flaum rammar titusenvis av menneske kvart år, slik som under den øydeleggjande monsunflaumen i Pakistan i 2010. Denne flaumen ramma rundt 20 millionar menneske og var resultatet av det kraftigaste monsunregnet på fleire generasjonar.

Den 8. august 2010 gjekk elva Indus over breiddene sine og drog med seg heile samfunn. Det er normalt for Pakistan å få halvparten av den årlege nedbøren (250 – 500 mm) i løpet av monsunmånadane juli og august, men dette året fekk landet 300 mm i løpet av éin dag – den 29. juli.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Landsby under vann
Landsby under vann

Flaum i Noreg 

I 1789 vart Noreg ramma av Storofsen og den største flaumkatastrofen til no.

Vinteren 1788-1789 var tørr og kald, og på seinvinteren kom det mengder med snø. Når våren kom, vart  det varmt og fuktig, og i juli kom det kraftig torever og mykje varme.

Dette uveret sette i gong mange jordskred, og det førte til både tap av menneskeliv, materiell og naturøydeleggingar. Ein reknar med at rundt 60 personar omkom i denne flaumen.

Storofsen traff Glomma, øvre delar av Drammenselva, Numedalslågen, Driva, Orkla og midtre delar av Gaula.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klimaendringar påverkar  

Klimaet på jorda har alltid endra seg. Gjennom millionar av år har det vore varme og kalde periodar om kvarandre. Klimaendringar er derfor ikkje noko nytt. Likevel ser vi at veret endrar seg fortare enn nokon gong i historia.

Når kloden blir oppvarma, vil stader med mykje regn ofte få endå meir regn. Når det er varmare, fordampar det meir vatn frå havet og frå land. Fordi varm luft kan halde på meir fukt, inneheld skyene meir regn. I Nordaust-USA er talet på dagar med regn fordobla dei siste 50 åra.

Når atmosfæren held på meir vatn, vil han også kunne gi kraftigare stormar. Forskarar trur også at havbølgjer veks seg større, og at dei bevegar seg raskare, fordi havvatnet er blitt varmare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS 
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Ukjent
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Ukjent
    8. Getty Images