Klimasonene viser ei variert verd

Jordkloden er inndelt i ulike klimasoner. Det er stor forskjell på å leve i arktiske strøk og ved ekvator. Korleis ser naturen ut i dei ulike klimasonene?

Accessibility icon Klimasonene viser ei variert verd

Klimasoner

Vi har ulike klimasoner på jorda. Fordi dei er så ulike, vil vi finne ulike dyre- og planteliv i dei ulike sonene. Plantar og dyr har mange måtar dei tilpassar seg til ulikt klima på.

Vanlegvis delar vi inn i fire typar klimasoner: tropisk, subtropisk, temperert og polar sone.

Ei anna inndeling går ut på å dele  klimasoner inn i fem område:

  • tropisk regnklima (20 prosent av  landområda på jorda)
  • subtropisk tørt ørkenklima (26 prosent av  landområda på jorda)
  • varmtemperert regnklima (16 prosent av  landområda på jorda)
  • kaldtemperert snøskogklima (21 prosent av  landområda på jorda)
  • polarklima (17 prosent av landområda på jorda)

I den tropiske sona finn vi regnskogar og savannar. Mange av ørkenane i verda finn vi i subtropisk sone. Noreg ligg i den tempererte sona.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ett kart over verden
Ett kart over verden

Tropisk klima – Regnskog

Langs ekvator, som deler jorda i den sørlege og nordlege halvkula, er det regnskog. Her har dei tropisk klima. Dag og natt er omtrent like lange, og det er varmt òg om natta. I ein regnskog er det mykje planteliv, og bakken er alltid fuktig.

I regnskogen er det eit rikt dyreliv, og i Amazonas finn vi nesten halvparten av dyreartane i verda. Fordi regnskogen har så mange naturressursar, har han blitt utsett for hogst for at menneske skal dyrke kaffi, finne mineral i jorda eller  skaffe beiteområde for husdyr. Dette øydelegg regnskogen, og mange har engasjert seg for at ein ikkje skal hogge fleire tre der.

Regnskogen
Regnskogen

Tropisk klima – Savanne

Nord og sør for regnskogen finn ein savannar. Her vekslar vêret mellom regntid og tørketid, og det veks buskar og tre på grasmarkene. På savannen finn ein mange ulike dyr, til dømes løver, sjiraffar, sebraer, elefantar og hyenar.

En Savanne med masse elefanter
En Savanne med masse elefanter

Subtropisk sone

Dei fleste av ørkenane på jorda ligg i subtropisk sone. Her kan det bli veldig varmt om dagen og veldig kaldt om natta, og det kjem lite nedbør. Nokre kjende ørkenar er Sahara i Afrika og Gobi i Asia. Fordi det er så lite nedbør, må dyr og plantar tilpasse seg livet der. Det betyr at plantar ofte er låge og at blada er små og tjukke, for då  fordampar det  mindre vatn frå planten.

Dyra har ofte store øyre for at dei raskare skal kunne avkjøle seg, og mange dyr søv om dagen og er aktive i den kjølige perioden om natta. Nokre stader i ørkenen kjem det opp vatn til overflata, og dette blir kalla oasar.

En ørken med 3 kameler som går bortover
En ørken med 3 kameler som går bortover

Temperert sone

Mesteparten av Europa ligg i den tempererte klimasona. Her er det ingen tørketider, og det fell nedbør heile året. I denne sona veks det òg mange lauvtre som eik, lønn, ask og bøk. I Noreg, som ligg nord i den tempererte sona, finn ein bjørketre og barskog. Den store barskogen som vi finn i Russland, og som strekkjer seg inn i Skandinavia, Canada og Alaska, blir kalla for taiga.

I den tempererte sona ligg også store gras-sletter der det blir dyrka korn, mais og andre plantar.

en grønn slette med blå himmel
en grønn slette med blå himmel

Polar sone

I den polare sona er det kaldt. Her er det mørkt om vinteren, medan det er lyst heile døgnet om sommaren på grunn av midnattssol. Vinteren er lang, og sommaren er kort. Fordi det er så kaldt om vinteren, og fordi sommaren er så kort, får vi permafrost. Permafrost betyr evig frost, og jorda tiner aldri heilt opp.

Det veks ikkje mykje i denne sona. Det er berre mose, kratt og småbuskar som kan vekse her. Det kjem heller ikkje mykje nedbør, og derfor kallar vi det òg arktiske ørkenar.

Nordlys i Tromsø
Nordlys i Tromsø

Kjelder:

  • Tjernshaugen, Andreas: klimasoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/klimasoner

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images