Terningkast
Det er ikke mogleg å trene på korleis ein skal kaste ein terning for å få einar eller seksar.
Utfallet, altså kva slags tal vi får på terningen, er lik for alle tala frå 1 til 6 på ein terning. Vi kan seie at sannsynlegheita for å få eit bestemt tal er ei av seks.
Dette blir kalla for uniform sannsynlegheit.
Kaste med fleire terningar
Men viss vi kastar med fleire terningar og legg saman tala vi får, så vil du sjå at summane vi får ikkje er like tilfeldige. Det kan verke litt rart, men det er nokre summar som dukkar opp oftare enn andre.
Du vil sjå at du oftare får summen 7 enn summen 2. Det er fordi at 7 kan lagast på mange måtar med to terningar; 3 + 4, 5 + 2 og 6 +1. Summen 2 kan du berre lage med 1+1. Det er derfor meir sannsynleg å få summen 7 enn summen 2.
Dette blir kalla ikkje-uniform sannsynlegheit.