Joik – ei tradisjonell samisk musikkform
Joiken til samane er blant dei eldste folkemusikkformene i Europa. Joik er ein viktig del av kulturen til samane. Tradisjonelt er samiske forteljingar overførte munnleg frå ein generasjon til den neste. Joik er derfor både forteljing og musikk.
Joik er framleis ein viktig munnleg forteljarkunst. Tradisjonelt blir det ikkje brukt instrument til joiken. På samisk heiter å joika juoigat.
Joik og religionen
Frå gammalt av brukte sjamanen joik saman med runebommen under religiøse seremoniar. Ofte inneheldt desse joikane epos. Eposa kunne fortelja ei heil livshistorie eller om livet til ein siida gjennom generasjonar. Dei kunne òg handla om eldgamle segner.
📷 Ein runebomme med motivstruktur av sørsamisk type.
Joik som protest
Nokre joikar handlar om det samane blei utsette for under koloniseringa og misjoneringa, frå rundt 1500-talet til byrjinga av 1900-talet. Sjølv om embetsmenn og misjonærar kunne noko samisk, var desse protestane vovne inn med ord og uttrykk som dei ikkje kunne. Dei kunne forstå joiken, men ikkje bodskapen.
Joik er kulturarv
Joik blei forbode då samane blei kristna. Ikkje-samar meinte at joik var synd. I mange område forsvann joiken heilt. Joik er ein gammal samisk kulturarv som det er viktig å føra vidare. Dei som ikkje kan læra joik heime, lærer det ofte på skulen eller på kurs.
Joikekurs med Berit Alette Mienna
Kjelder:
- Gaski, Harald; Ledang, Ola Kai; Aksdal, Bjørn: joik i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/joik
- NDLA (26.01.2021): Samisk litteratur
https://ndla.no/nn/subject:19/topic:1:186579/topic:1:196049/resource:1:190220?filters=urn:filter:f4581340-52f1-435d-8f99-d5de4e123f70
- Nordlige folk (26.01.2021): Joik
https://nordligefolk.no/sjosamene/kunst-musikk-litteratur/joik-2/
Bilet- og videorettar:
-
-
Jørn Pettersen / Riksarkivet
-
Åge Hojem / NTNU Vitenskapsmuseet (CC BY 2.0)
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
-
Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
-
Ukjent
-
Daniel Skog / Riddu Riđđu
-
Tore Sætre (CC BY-SA 4.0) / NRK – YouTube
-