Energi kjem i mange former
Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Kva for nokre energikjelder kan gjere ein positiv forskjell for klimaet?
Energi kjem i mange former
Tenkjer du mest på elektrisk straum når du tenkjer på energi? Energi kan komme i mange former. Energi kan aldri oppstå eller forsvinne, men kan gå over til andre former. Når du spring, skaper rørsla ein kinetisk energi. Når du et mat, blir det skapt ein kjemisk energi. Tenk deg at du først et og så spring – då går energien frå kjemisk til kinetisk energi.
Sola gir oss mest energi. Ho er ei fornybar energikjelde. Ho sørgjer for krinsløpet til vatnet, vind, bølgjer og fotosyntese. Vi bruker mest energi frå kol, olje og gass. Dette er fossile, ikkje-fornybare energikjelder som blir brukte opp.
Solen skinner på blå himmel
Atomkraft
Kjernekraftverk, eller atomkraftverk, gir mykje elektrisk energi. Denne krafta er miljøvennleg. Men viss kraftverket blir øydelagt, kan det vere veldig farleg. I 1986 eksploderte eit kjernekraftverk i Tsjernobyl i Ukraina. Mange som budde der, vart veldig sjuke. I Fukushima i Japan vart eit kjernekraftverk ramma av eit jordskjelv i 2011. Etter ulykkene har mange land valt å stengje atomkraftverka sine.
Spare straum
I Noreg bruker vi mykje elektrisk straum. Å vite akkurat kor mykje vi bruker, er veldig lurt. Då blir det enklare å spare på straumen. Vi kan senke temperaturen i huset, og vi kan skru av elektriske apparat som ikkje er i bruk. I tillegg kan vi passe på kor mykje vatn vi bruker.
Mange norske hus har varmepumper. Dei gir meir energi enn vanlege varmeomnar. Då bruker vi mindre strøm. Vi bruker òg mindre ved, olje eller gass til oppvarming. Mykje av søppelet vårt blir brent i fjernvarmeanlegg. Slike anlegg blir brukte for å varme opp hus.
Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.
Kjelder:
- Bøe, Maria Vetleseter: energi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energi
- Hofstad, Knut: energikilder i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energikilder
- Hofstad, Knut; Rosvold, Knut A.: fossilt brensel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/fossilt_brensel
- Rosvold, Knut A.; Hofstad, Knut: kjernekraftverk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/kjernekraftverk
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-