Energi kjem i mange former
Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Kva for nokre energikjelder kan gjere ein positiv forskjell for klimaet?
Energi kjem i mange former
Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Energi kan aldri oppstå eller forsvinne, men kan gå over til andre former. Energien du skaper når du spring, blir kalla rørsleenergi eller kinetisk energi. Vi kan få energi gjennom mat vi et, det blir kalla kjemisk energi. Tenk deg så at du først et og så spring – då går energien over frå kjemisk til kinetisk energi.
Vi får mest energi frå sola, og ho er ei fornybar energikjelde. Solenergien sørgjer for krinsløpet til vatnet, vind, bølgjer og fotosyntese. Dei energikjeldene vi bruker mest av, er kol, olje og gass. Dette er ikkje-fornybare energikjelder, altså energikjelder som blir brukte opp. Vi kallar slike energikjelder for fossile energikjelder.
Solen skinner på blå himmel
Atomkraft
Kjernekraftverk, eller atomkraftverk, gir mykje elektrisk energi. Energien frå kjernekraftverk er miljøvennleg, men dersom kjernekraftverket blir øydelagt, får det store konsekvensar for klimaet. I 1986 eksploderte eit kjernekraftverk (Tsjernobyl) i Ukraina, og mange som budde i nærleiken, vart veldig sjuke. I Japan vart eit kjernekraftverk i Fukushima ramma av eit jordskjelv i 2011. Mange land har derfor bestemt å stengje atomkraftverka sine etter desse ulykkene.
Spare straum
I Noreg bruker vi mykje elektrisk straum. Vi bør derfor vere merksame på kor mykje straum vi bruker, og vi må prøve å redusere forbruket vårt. Dette kan vi gjere gjennom å ha litt lågare temperatur i huset, lufte kort og ofte, slå av elektriske apparat heilt når vi ikkje bruker dei, og vere merksame på kor mykje vatn vi bruker.
I mange norske hus finn du i dag varmepumper. Desse gir meir energi enn vanlege varmeomnar, og dei gjer at vi bruker mindre elektrisk energi eller bruker mindre ved, olje eller gass til oppvarming. Mykje av søppelet vårt blir brent opp, og denne varmen blir brukt i fjernvarmeanlegg for å varme opp hus.
Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.
Kjelder:
- Bøe, Maria Vetleseter: energi i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energi
- Hofstad, Knut: energikilder i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energikilder
- Hofstad, Knut; Rosvold, Knut A.: fossilt brensel i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/fossilt_brensel
- Rosvold, Knut A.; Hofstad, Knut: kjernekraftverk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/kjernekraftverk
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-