Ekstremvêr
Ekstremvêr er vêr som er litt annleis og kraftigare enn det normale. Korleis oppstår ekstremvêr, og kva er koplinga til klimaendringane?
Ekstremvêr
Ekstremvêr er rett og slett vêr som er litt annleis enn det normale: plutselege haglskurer, kraftige overfløymingar og farlege hetebølgjer.
Dei fleste forskarane meiner at vi får kraftigare vêr på grunn av det vi kallar global oppvarming. Når temperaturen på jorda blir høgare, er det større fare for meir øydeleggjande og kraftig vêr.
Ulike typar ekstremvêr
Støvstorm
Støvstormar oppstår i tørre område. Der kan sterk vind lett drage laus jord opp frå bakken. Vinden dreg med seg slam, leire og støv. Alt dette blir til ei stor, tett støvsky. Dårleg sikt (vanskeleg å sjå) gjer det umogleg å køyre bil. Støvstormar varer kanskje berre nokre få minutt, men kan føre til alvorlege bilulykker.
Sandstorm
Skogbrann
Skogbrannar startar lett i område der kraftig tørke og varme har tørka ut planter og tre. Desse brannane spreier seg raskt. Skogbrannar kan starte dei fleste stader i verda, men ikkje på Antarktis.
Skogbrann, Colorado
Forlat aldri eit bål
Lynflaum
Lynflaumar oppstår når lågt land fløymer over raskt. Det kan komme av mykje regn eller snøsmelting.
Dei fleste flaumar oppstår når store mengder regn får elvane til å renne over. Dei kan òg oppstå når høgvatn eller store bølgjer slår inn over land. Flaum kan skade hus, øydeleggje drikkevatnet og spreie sjukdommar.
Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Hagl
Hagl oppstår i toreskyer. Haglkorn er oftast på storleik med ei ert. Men dei kan bli store som ein golfball! Dei kan øydeleggje for jordbruk, knuse vindauge og til og med skade menneske.
Global oppvarming konsept
Tørke
Tørke kjem av at det forsvinn meir vatn enn det som kjem som regn. Jorda tørkar ut, grunnvatnet søkk, og det regner ikkje. Tørke kan øydeleggje jordbruk og gjere det vanskeleg for menneske som er avhengige av dette for å leve. Tørke kan føre til svolt, krig og dødelege sjukdommar.
Ørken
Ekstrem vær
Kjelder:
- Ekstremvær (2015)
Orage Forlag AS
- Vår fantastiske planet (2017)
Orage Forlag AS
- Miljøstatus (14.05.2020): Ekstremvær
https://miljostatus.miljodirektoratet.no/ekstremvar
- TU.no (14.05.2020): Slik oppstår lyn og torden
https://www.tu.no/artikler/slik-oppstar-lyn-og-torden/258447
- Illustrert vitenskap (14.05.2020): Hva er statisk elektrisitet?
https://illvit.no/fysikk/fenomener-i-fysikken/hva-er-statisk-elektrisitet
- Forskning.no (14.05.2020): Hva er lyn og torden?
https://forskning.no/vaer-og-vind-meteorologi-klima/bakgrunn-hva-er-lyn-og-torden/1081128
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
iStock
-