Tungtvassaksjonen
Norsk Hydro på Rjukan var den einaste fabrikken i Europa som produserte tungtvatn. Tyskarane kunne bruke tungtvatn til å lage ei atombombe – det mest øydeleggjande våpenet i verda. Derfor måtte norske og britiske sabotørar øydeleggje fabrikken. Sabotørane var ekspertar på sprengstoff. Dei var også trente til å øydeleggje for tyskarane. Det vart gjort fleire forsøk, men i 1943 klarte dei å sprengje anlegget. Operasjonen vart kalla «Gunnerside».
Seks norske soldatar vart plukka ut til å gjennomføre «Gunnerside». For å lure tyskarane brukte dei britiske uniformar. Tyskarane straffa ofte lokalbefolkninga viss det var norske sabotørar som aksjonerte. Aksjonen vart gjennomført på berre 30 minutt. Ingen skot vart løyste, og sabotørane kom seg unna.
Nokre månadar etter var produksjonen i full gang igjen på Vemork. Dei allierte bestemte seg for å bombe fabrikken. I november 1943 kom 161 amerikanske fly inn over Rjukan og sleppte 711 bomber. Dei fleste bomma på fabrikken, og 21 sivile vart drepne.
Då tyskarane skulle sende heim tønner med tungtvatn, brukte dei ferje over Tinnsjø. Før avgang klarte norske motstandsfolk å plassere bomber på ferja. Ferja eksploderte på veg over sjøen, og 14 sivile nordmenn vart drepne. Tyskarane mista mykje tungtvatn og valde no å flytte heile produksjonen av tungtvatn til Tyskland.