Tungtvassaksjonen
Tungtvassaksjonen var fleire ulike sabotasjeaksjonar mot Norsk Hydros fabrikk, Vemork, på Rjukan. Aksjonane vart utførte av både britiske og norske sabotørar, og målet var å hindre at Tyskland fekk tilgang til tungtvatn. Dei trong tungtvatn for å produsere ei atombombe. Norsk Hydro var den einaste fabrikken i Europa som produserte tungtvatn. Den mest berømte aksjonen i 1943 fekk kodenamnet «Gunnerside». Planen var å sprengje anlegget frå innsida framfor å bruke bombefly. Det siste ville sannsynlegvis kosta mange sivile menneskeliv.
Seks norske soldatar vart plukka ut, og alle brukte britisk uniform for å lure tyskarane. Tyskarane straffa ofte lokalbefolkninga viss det var norske sabotørar som aksjonerte. «Gunnerside» vart gjennomført på berre 30 minutt. Ingen skot vart løyste, og sabotørane kom seg unna.
Nokre måneder etter var produksjonen i full gang igjen på Vemork, og dei allierte bestemte seg for å bombe fabrikken. I november 1943 kom 161 amerikanske fly inn over Rjukan og sleppte 711 bomber. Dei fleste bomma på fabrikken, og 21 sivile vart drepne.
Då tyskarane skulle sende heim fleire tønner med tungtvatn, brukte dei ferje over Tinnsjø. På grunn av dårleg vakthald klarte norske sabotørar å plassere bomber under ferjedekket. Sabotasjen førte til at ferja eksploderte på veg over sjøen. Eksplosjonen tok livet av 14 sivile nordmenn, og tyskarane miste mykje verdifullt tungtvatn. Som ei følgje av dette flytta tyskarane heile tungtvassproduksjonen til Tyskland.