Vulkanar
Ein vulkan er når smelta stein og gass kjem til overflata gjennom ei opning i jordskorpa. Vi kallar denne steinmassen magma når han er inne i vulkanen, og lava når han kjem opp til overflata.
Ulike typar
Det finst mange slags vulkanar. Dei har forskjellige eigenskapar og oppfører seg på forskjellige måtar. Oppførselen og utbrota deira er avhengig av plassering og av korleis magmaen er sett saman.
I dag har vi 1300–1500 vulkanar på jorda, i tillegg til ei mengd undersjøiske vulkanar.
Fugleperspektiv av Fuji fjellet med byen foran
Vulkanutbrudd illustrert
Slik fungerer ein vulkan
Her kan du sjå korleis ein vulkan fungerer, gjennom eit forsøk.
Eyjafjallajokull vulkanen 2010
Føreseie vulkanutbrot?
Nokre gonger kan ein ane at vulkanutbrot er i gang. Men ein kjenner også til utbrot av damp, oske og stein som har komme utan nokre signal på førehand.
Faresignal
Faresignala før eit utbrot kan vere at gassane som siv ut av jordskorpa, endrar seg og det oppstår fleire små jordskjelv.
Forskarane måler jordskjelv med seismometer. Eit seismometer er eit måleinstrument som registrerer ristingar i jordskorpa.
Seismometer
Kilauea
Vulkanen Kilauea på Hawaii er ein aktiv vulkan. Faktisk har vulkanen hatt eitt langt utbrot sidan 1983. Eit typisk vulkanutbrot på Hawaii består nemleg av rennande lava, ikkje store oskeskyer.
Likevel har utbrotet øydelagt mykje for menneska og miljøet rundt vulkanen.
Kīlauea pele vulkanen
Store øydeleggingar
Følgjene av eit vulkanutbrot kan vere store. Vi kjenner til at vulkanar har øydelagt heile byar og samfunn.
Når utbrotet skjer, så er det som oftast ikkje den sakte rennande lavaen som øydelegg, men oske, giftige gassar og partiklar som blir pumpa ut av vulkanen.
Krakatau Vulkanens utbrudd, November 2011
Pompeii, Italia
Supervulkanar
Ein supervulkan er ein vulkan som er større og meir øydeleggjande enn ein vanleg vulkan.
Akkurat som alle andre vulkanar oppstår supervulkanar når smelta stein trengjer gjennom jordoverflata. Nokre forskarar meiner at supervulkanane er «supre» fordi dei har enorme holrom som kan romme opptil 15 000 kubikkilometer med magma, og dermed veks seg større og større over tusenvis av år.
Lava
Putrande supervulkan
Under Yellowstone nasjonalpark i USA putrar ein aktiv supervulkan, Enorme mengder magma, som nokre stader ikkje ligg meir enn åtte kilometer under jordskorpa, gir energi til dei 10 000 krystallfarga varme kjeldene, gurglande gjørmehòla, kvesande dampstrålane og berømte geysirane i parken.
Geysir Yellowstone National Park, Wyoming, USA.
Åker ødelagt av vulkan aske
Kjelder:
- Junior vitenskap 2018
Orage Forlag AS - Drømmereiser 2017, 2016
Orage Forlag AS - Fuji-san i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. juni 2020 frå https://snl.no/Fuji-san - Thuesen, Nils Petter: Montserrat i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 12. juni 2020 frå https://snl.no/Montserrat - https://forskning.no/bakgrunn-bergfag-vulkaner/bakgrunn-hva-er-en-vulkan/1066010
- http://whc.unesco.org/en/list/829/video/
- https://snl.no/vulkan
- https://no.wikipedia.org/wiki/Vulkan
- sprakradet.no