Det demokratiske systemet i USA
USA er ein republikk. Det tyder at USA har ein folkevald president i staden for ein konge.
USA er også ein forbundsstat. Det vil seia at landet står av 50 delstatar. Desse kan i stor grad vedta eigne lover. Til dømes har Texas i sør heilt andre lover enn Minnesota i nord.
Samstundes har USA ei overordna sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.
Kongressen vedtek lovene som gjeld for heile USA. Kongressen består av representantar frå alle statane i USA.
Supreme Court passar på at alle statane følgjer den amerikanske grunnlova.
Presidenten har ansvar for å ta i bruk lovene som kongressen har vedteke. Presidenten blir vald for fire år og kan berre bli vald igjen éin gong.