«There ain’t no such thing as a free lunch»

Har du høyrt dette uttrykket før? Kva trur du det betyr? Uttrykket vart brukt for snart hundre år sidan, men det blir ofte brukt i dag òg. Spesielt når det gjeld ting som skjer på nettet. Korleis kan dette ha seg?

Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.
Sort hvitt bilde av fem voksne personer som sitter rundt et bord på stranda og spiser lunsj.

Søkemotorar er gratis, men …

Søkemotorar på nett er nyttige, og vi bruker dei mange gonger kvar dag. Men det er ikkje slik at dei berre er ei gratis teneste som hjelper oss i kvardagen. Vi gir òg noko tilbake. Kva då, trur du? Dei mest brukte søkemotorane er Google Chrome, Microsoft Edge, Opera, Safari og Firefox.

Ein søkemotor er omtrent som ein bibliotekar du kan spørje om hjelp til å finne det du leitar etter. Men søkemotoren krev at du forklarer godt kva du eigentleg ønskjer å finne. Di meir presis du er, dess enklare er det å finn gode søkeresultat.

Google-trendar

Søkemotorane får store mengder informasjon frå oss, og det blir brukt til analysar. Gjennom å analysere kva folk «googler», kan dei som eig søkemotorane sjå kva som er trendar, og dei kan følgje utviklinga i ulike delar av verda. Du kan sjølv sjå kva det blir mest søkt etter på Google Trends.

Høg verdi

Det at vi legg igjen spor i form av informasjon som viser kva vi har søkt etter, og kva vi er interesserte i, har verdi for selskapa som eig søkemotorane. Sjølv om informasjonen har høg verdi, gir vi han vekk – ofte utan å tenkje over det i det heile. Bør vi tenkje meir over kva informasjonen blir brukt til?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.
Ung jente sitter i en sofa og søker etter noe på en laptop og en mobil.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!