Terrorisme og ekstremisme
Då to kapra passasjerfly stupte inn i The World Trade Center i New York 11. september 2001, førte dette til auka merksemd om internasjonal terrorisme. Terrorisme som fenomen er absolutt ikkje noko nytt, men dei siste tiåra har det kanskje kome tettare på folk flest. Under eit terroranslag er det ofte tilfeldige og uskuldige menneske som blir ramma. Kva er det som skaper denne trongen til å skape frykt og terror?
Internasjonal terrorisme
Internasjonal terrorisme er ein global sikkerheitstrussel. Dei siste 20 åra har over 90 prosent av terrorrelaterte hendingar gått føre seg i Sør-Asia, Midtausten og Afrika sør for Sahara. Det har også vore mange terrorangrep i Europa. Også i Noreg.
Kva er eigentleg terrorisme? For å forklare det må vi også forstå omgrepa «ekstremisme» og «radikalisering». Kvifor er det nokon som utfører terrorangrep, og kva kan samfunnet gjere for å hindre det?
Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11
Kva er ekstremisme?
Ein ekstremist støttar ikkje opp om eit demokratisk styre. Ekstremistar er villige til å bruke vald for å bekjempe demokratiet. Anti-demokratiske grupper ønskjer å oppnå politiske mål, men bruker sjeldan debatt og diskusjon som verkemiddel. For å fremje dei politiske måla sine bruker dei vald og terror. Kva det politiske målet er, kjem an på kva gruppe ekstremisten støttar. I Noreg er det to former for ekstremisme som utgjer ein sikkerheitstrussel: islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme.
Eksremister holder opp flagg og demonstrerer
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!