Kva er syrer og basar?
Det er allment kjent at sitron smaker surt på grunn av syreinnhaldet, at jord må ha optimalt pH-nivå for at plantane skal vekse bra, og at sur nedbør kan utslette heile økosystem. Men kva er det som eigentleg gjer ein ting sur (acidisk) og ein annan ting basisk (alkalisk)? Korleis kan dei vere så etsande? Og kvifor får lakmuspapir ulik farge når det blir dyppa i syre eller base?
Konsentrasjon av hydrogenion
Syrer og basar kan definerast etter kor stor konsentrasjon med hydrogenion dei har. Vanlegvis består eit hydrogenatom av eit proton og eit elektron som gir det ei balansert elektrisk ladning, sidan proton er positivt lada og elektron er negativt lada. Tek vi bort elektronet, sit vi igjen med eit hydrogenion eller eitt enkelt proton. Ofte blir det kalla H+. Ion er svært reaktive, sidan dei ikkje har ei balansert ladning lenger. Dei søkjer heile tida etter ion av motsett ladning som dei kan reagere med – det kan vere eit atom eller eit molekyl som ikkje har likt tal på elektron og proton.
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!