Språklege verkemiddel

Her finn du dei vanlegaste språklege verkemidla. Dette er nyttig både når du skal analysere og tolke tekstane til andre, og når du skal skrive dine eigne tekstar.

Accessibility icon Språklege verkemiddel

Språklege verkemiddel

Når vi skal jobbe med språk, er det spennande å finne nye måtar å bruke det på. Ikkje minst når vi skal skrive. Det finst mange ulike verkemiddel for å gjere teksten din betre. Det blir meir moro for deg å skrive og meir moro for den som skal lese. Med verkemidla kan du på ein måte fargeleggje teksten!

Som alt mogleg anna, er dette noko vi må trene på. Dei færraste blir utlærde skribentar over natta. Her skal du lære om mange av dei viktigaste språklege verkemidla. Bruk dei, og opplev at det blir mykje meir moro å skrive!

Fargeblyanter i en sort kopp, og en skriveblokk med en blyant liggende oppå.
Fargeblyanter i en sort kopp, og en skriveblokk med en blyant liggende oppå.

1. Allusjon

Allusjon er å vise til andre kjende tekstar i sin eigen tekst. Eit døme kan vere at du skriv om ei jente med raud kappe (eventyret om Raudhette). Eit anna døme kan vere ein saktekst om ti bod for å overleve ungdomsskulen (Dei ti boda i Bibelen).

En stor mørk ulv og ei lita jente med røde klær og kurv.
En stor mørk ulv og ei lita jente med røde klær og kurv.

2. Besjeling

Besjeling er når ikkje-menneskelege ting og skapningar får menneskelege eigenskapar. Det kan vere snakkande ulvar, dansande tre, vind som syng i trea eller eit einsamt hus. Med eit slikt verkemiddel kan du skape ein meir levande og spennande tekst. Det du skriv om, får liv. Det er ikkje berre eit gammalt tre som står i hagen, men det har lange, tynne fingrar og to holrom som ser ut som auge. Blada er som hår, og det får stemme når vinden ruskar i det.

3. Frampeik

Eit frampeik er når du får eit hint tidleg i teksten om noko som skjer seinare. Nokre døme kan vere desse innleiingane:

  • Det var den dagen eg kom til å treffe min store kjærleik.
  • Balltreet han hadde i handa, var enno ikkje farga av blod.
  • Lite visste vi om at den fyrstikkeska skulle gjere oss heimlause.
Sort åpen fyrstikkeske med ubrente fyrstikker inni.
Sort åpen fyrstikkeske med ubrente fyrstikker inni.

4. Gjentaking

Dette er eit effektivt verkemiddel både for å skape spenning og samanheng, men også for å få lesaren til å hugse. Her kan det vere enkeltord eller delar av handlinga som blir gjentekne fleire gongar. Det ser vi ofte i songtekstar, dikt eller eventyr. Tenk berre på kor mange gongar Askeladden seier «eg fann, eg fann» i eventyret om prinsessa som ingen kunne målbinde.

Søk opp teksten til ein song du liker godt. Er det brukt gjentaking i teksten der?

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

5. Ironi

Ironi er å seie det motsette av det ein eigentleg meiner. Eit døme kan vere når nokon seier: «Ja, det var jammen fint at det regna heile ferien.» Eit anna døme kan vere: «Det var endå godt telefonen min gjekk tom for straum akkurat idet eg skulle bruke han for å betale på bussen.»

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

6. Kontrast

Kontrastar, eller motsetningar, forsterkar kvarandre og skaper spenning. Kontrastering er eit viktig verkemiddel ikkje berre i skriftlege og munnlege tekstar, men også i biletkunst, arkitektur, klesdesign, musikk og andre uttrykksformer. Det som skil seg ut, blir mest tydeleg.

Eit døme kan vere: «Den kvite snømannen hadde eit bekymra uttrykk i dei svarte auga av kol.» Eit anna døme kan vere: «Napoleons kvite hest nærast skein i det mørke og blodige kaoset.»

Grønn ballong svever over mange hvite ballonger.
Grønn ballong svever over mange hvite ballonger.

7. Metafor

Metaforar er språklege bilde Det er ord, språklege uttrykk eller ulike former for bildespråk som blir brukt med overført betydning. Det vil seie at ein skriv eller snakkar om éin ting for å uttrykkje ein annan ting. Ein metafor er ei samanlikning der sammenlikningsordet «som» ikkje er med.

Hovudet er det beste dømet på at kroppen står modell for språklege bilde: Vi har tak over hovudet, auge i nakken, øyrene på stilkar og bein i nasen. Du kan òg ha noko på tunga.

Nokre er fødde med ski på beina (dei er flinke til å gå på ski). Bestefar har grøne fingrar (han er flink til å stelle blomstrar). Mamma kan ha bomull i hjernen (ho er sliten). Veslebror har maur i rumpa (han er uroleg og rastlaus).

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

8. Overdriving

Gjennom å overdrive eller underdrive kan du få fram eit poeng i endå større grad. Det kan vere ei positiv eller ei negativ forsterking. Når du overdriv, tek du ekstra hardt i. Verkemiddelet er svært vanleg i mellom anna filmar, teikneseriar, reklame og avisoverskrifter.

  • Det var verdas beste is!
  • Dette er det største eg nokonsinne har opplevd!
  • Eg held på å døy av svolt!
Full saltdrøsse der lokket ligger oppe saltet som ikke fikk plass inni.
Full saltdrøsse der lokket ligger oppe saltet som ikke fikk plass inni.

9. Rim og rytme

Dette finn du i dei fleste lyriske tekstar som popsongar, rap eller dikt. Det finst mange ulike måtar ein kan jobbe med rim og rytme i ein tekst. Ofte er dette tekstar som skal bli framførte med musikk. Dei som komponerer songar, må tenkje på både tekst og melodi. Teksten bør vere lett å hugse, og melodien må passe til innhaldet i teksten.

Blokk og blyant ligger oppå en brun kassegitar.
Blokk og blyant ligger oppå en brun kassegitar.

10. Samanlikning

Vi sammenliknar noko med noko anna ved å bruke ordet «som». Vi kan også lage samanlikningar ved å bruke komparativ av adjektiv, til dømes «snillare enn».

  • Du er søt som sukker.
  • Han er sint som ein kveps.
  • Ho er snillare enn veslebror.
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images