Sosialiseringsprosessen
- Korleis blir vi ein del av samfunnet?
- Kvifor rekkjer vi opp handa før vi skal seie noko?
- Kvifor står vi i kø?
- Kvifor har vi ulike interesser?
Den sosiale hjernen
Somme vil påstå at vi menneske er avhengige av å sosialisere oss med andre menneske for å overleve. Denne påstanden kan underbyggjast med forskning frå Robert Dumbar. Han meinte at dei naturlege sosiale evnene våre er ei av årsakene til at mennesket har utvikla ein større hjerne. Mennesket har klart å organisere meir avanserte samfunn enn nokon som helst skapning på jorda. Vi er avhengige av å leve i grupper eller samfunn for å kunne lagre informasjon saman og utvikle eit språk for å kommunisere. Dei sosiale samhandlingane har vore med på å utvikle hjernen vår gjennom åra.
Mennesker som prater
Den sosiale hjernen – kort fortalt
Kva er sosialisering?
Kvifor har vi blitt som vi er? Det finst mange svar, og eitt av dei handlar om sosialisering. Sosialiseringsprosessen handlar om korleis vi som individ blir ein del av samfunnet.
Når vi tenkjer på samfunn. er det også naturleg å snakke om kultur. Med kultur meiner vi vanar, verdiar og normer. Kvifor går vi i tog på 17.mai? Kvifor er fredagstaco så populært? Eller kvifor helsar vi på kvarandre ved å ta kvarandre i handa?
Håndtrykk
To menn som har albu mot albu som en erstatning for håndhilsning
Primærsosialisering
Primærsosialisering er den fasen av sosialiseringa som skjer i dei første leveåra. Då er det som regel familien som har hovudansvar for utviklinga di. Du lærer å gå og snakke. Og du lærer uformelle normer som bordskikk, og korleis du kan gje uttrykk for det du føler. Primærsosialiseringa er viktig for vidare sosialisering i livet.
Far lærer barn å gå
Sekundærsosialisering
Sekundærsosialiseringa går føre seg resten av livet, og her lærer du mange ulike normer, verdiar og ferdigheiter frå andre sosialiseringsagentar. Med sosialiseringsagentar meiner vi familie, skule, jobb, venner eller sosiale medium.
En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer
Person som holder en mobiltelefon i hånden
Byggjer identitet
Sosiale nettverk påverkar korleis vi handlar og korleis vi lærer. Anten sosialiseringa går føre seg ansikt til ansikt eller via sosiale medium, har ho stor effekt på korleis vi skaper identiteten vår.
To gutter som leker riddere med sverd
Kjelder:
- Burnet, Dean (2018):
Do Social Networks Make Us Antisocial?
- Vitenskapens vei til lykken (2020)
Orage Forlag AS
- Grønlie, Granlund og Flood (2017): FOKUS sosialkunnskap
Oslo. Aschehoug
- Hilmarsen, H. V., & Arnseth, H. C (2017): Livet på Instagram. Ungdoms digitale forlengelser av sosiale relasjoner og vennskap.
Tidsskrift for ungdomsforskning, 17(1).
- Nyberg, Elin (2018): Ti tips for å unngå forskjellsbehandling av jenter og gutter
https://forskning.no/barn-og-ungdom-kjonn-og-samfunn-universitetet-i-stavanger/ti-tips-for-a-unnga-forskjellsbehandling-av-jenter-og-gutter/273505
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
BBC Stories – Youtube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-