Sosialiseringsprosessen
- Korleis blir vi ein del av klassen?
- Kvifor rekkjer vi opp handa før vi skal seie noko?
- Kvifor står vi i kø?
- Kvifor har vi ulike interesser?
Den sosiale hjernen
Nokre forskarar meiner at grunnen til at vi menneske har fått ein så stor hjerne, er at vi er sosiale dyr. Vi liker å vere med andre menneske. Dette medfører at vi må tilpasse oss, lære og lagre masse informasjon i hjernen vår. Teorien om den sosiale hjernen er med å forklare kvifor vi lever i grupper og har utvikla språk for å kommunisere.
Mennesker som prater
Kva er sosialisering?
Kvifor har vi blitt som vi er? Det finst mange svar, og eitt av dei handlar om sosialisering. Sosialiseringsprosessen handlar om korleis vi som enkeltmenneske blir ein del av samfunnet.
Kultur og samfunn heng naturleg saman. Med kultur meiner vi vanar, verdiar og normer. Kvifor går vi i tog på 17.mai? Kvifor er fredagstaco så populært? Eller kvifor helsar vi på andre ved å gje handa?
Håndtrykk
Den første fasen
Foreldra våre lærer oss å gå, å snakke og dei lærer oss bordskikk. Frå vi er barn ser vi på korleis foreldra våre snakkar og leikar med oss. Tenk på når du gjekk i barnehagen og leika mamma og pappa. Kanskje du endra på stemma di og lest som om du hadde ein jobb. Gjennom leik og ved å gå inn i roller lærer vi å bli ein del av samfunnet vi lever i.
Far lærer barn å gå
Den andre fasen
Det er ikkje sånn at vi stoppar å lære og tilpasse oss nye situasjonar når vi blir eldre. Vi lærer nye ting og korleis vi skal oppføre oss på ulike stader. Tenk korleis du går inn i ulike roller når du er med venner, klassen eller med familien. Til kvar gruppe må vi tilpasse oss og lære nye kodar.
En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer
Person som holder en mobiltelefon i hånden
Kor viktig er sosialiseringa?
Vi menneske er avhengige av sosialiseringa for å fungere i samfunnet og for å lære. Hadde vi lært å gå og snakke viss vi ikkje hadde omgang med andre menneske?
To gutter som leker riddere med sverd
Kjelder:
- Burnet, Dean (2018):
Blir vi antisosiale av sosiale medier?
- Vitenskapens vei til lykken (2020)
Orage Forlag AS
- Grønlie, Granlund og Flood (2017): FOKUS sosialkunnskap
Oslo. Aschehoug
- Hilmarsen, H. V., & Arnseth, H. C (2017): Livet på Instagram. Ungdoms digitale forlengelser av sosiale relasjoner og vennskap.
Tidsskrift for ungdomsforskning, 17(1).
- Nyberg, Elin (2018): Ti tips for å unngå forskjellsbehandling av jenter og gutter
https://forskning.no/barn-og-ungdom-kjonn-og-samfunn-universitetet-i-stavanger/ti-tips-for-a-unnga-forskjellsbehandling-av-jenter-og-gutter/273505
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-