Kjønnssjukdommar med Tuva og Trine:
Smitta!
Sex er først og framst skikkeleg herleg. Vi håpar du nyt og koser deg med det. Men du bør òg vere klar over at det kan komme med ein ordentleg baksmell. Det finst nemleg tallause kjønnssjukdommar der ute. Nokre bør du vere meir bekymra for enn andre. I denne artikkelen skal vi fortelje deg når du bør uroe deg, og når du kan senke skuldrene.
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.
Seksuelt overførbare infeksjonar
Det er ulike måtar å ha sex på. Kjønnssjukdommar smittar òg ulikt. Det kan skje mellom penis og vulva. Ein penis og ein anus. Eller mellom to penisar. Eller to vulvaer. Nokre kjønnssjukdommar smittar frå munn til kjønnsorgan, og motsett.
Ein klem gir ikkje kjønnssjukdom. Heller ikkje om du hostar eller nys.
Det finst mange ulike kjønnssjukdommar. Men kva er mest vanlege? Og korleis kan du unngå å bli smitta av dei?
To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
Illustrasjon av en rosa vulva.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus
Kondomvettreglar:
-
- Ikkje legg kondomet der det kan skadast. Eller ein stad med mykje gnikking og slitasje.
- Sjekk datoen på pakken. Kjenn om det er luft i han. Då er kondomet heilt.
- Åpne pakken forsiktig. Pass på så du ikkje skadar kondomet .
- Penis skal vere stiv når kondomet blir rulla på.
- Har du forhud, skal ho trekkjast tilbake.
- Klem saman tuppen på kondomet.
- Hald ca. så breitt som ein finger på tuppen. Rull på resten av kondomet. Ikkje skad gummien.
- Kondomet glir lett av ein slapp penis. Hald kondomet fast på penis før du trekkjer deg ut. Det skal brukast under heile samleiet.
- Kondomet skal berre brukast ein gong.
- Kast kondomet i vanleg søppel. Ikkje i toalettet!
En person foran et bord med en rekke kondomer.
En morsom kondom med sterke armer og krone.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leidd tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse tema. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?
Kjelder:
- Ung.no (hentedato: 01.02.2023): HPV-virus og livmorhalskreft
https://www.ung.no/helsa-di/2486_HPV-virus_og_livmorhalskreft.html