Kjønnssjukdommar med Tuva og Trine:
Smitta!
Sex er først og framst skikkeleg herleg. Vi håpar du nyt og koser deg med det. Men du bør òg vere klar over at det kan komme med ein ordentleg baksmell. Det finst nemleg tallause kjønnssjukdommar der ute. Nokre bør du vere meir bekymra for enn andre. I denne artikkelen skal vi fortelje deg når du bør uroe deg, og når du kan senke skuldrene.
Et forstørrelsesglass hvor vi ser nærbilde av virus og bakterier.
Seksuelt overførbare infeksjonar
Det finst ulike måtar å ha sex på. Seksuelt overførbare infeksjonar kan smitte mellom penis og anus, penis og vulva, mellom to vulvaer eller to penisar. Nokre få kjønnssjukdommar smittar òg mellom kjønnsorgan og munnen, og til den vanlege huda med hår rundt kjønnsorganet.
Kjønnssjukdommar smittar med andre ord ikkje ved at du gir nokon ein klem eller om nokon hostar eller nys.
Det finst mange ulike kjønnssjukdommar, men kva er dei mest vanlege, og kva kan du gjere for å unngå å bli smitta av dei?
To personer i en seng. Det svirrer kjærlighet og smitte rundt dem.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
Illustrasjon av en rosa vulva.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Forstørrelsesglass som viser bakterier og virus
Kondomvettreglar:
-
- Ikkje oppbevar kondomet saman med noko som kan skade det, eller på ein stad der det blir mykje gnikking og slitasje.
- Sjekk datostemplinga og at pakken er heil. Det kan du gjere ved å kjenne om det er luft i pakken.
- Åpne pakningen forsiktig slik at kondomet ikkje blir skada.
- Penis skal vere stiv når kondomet blir rulla på.
- Har du forhud, skal denne trekkjast tilbake.
- Klem saman tuppen på kondomet.
- Minimum ein fingerbreidd på tuppen blir halden igjen medan resten av kondomet blir rulla på utan å skade gummien.
- Etter at penis har blitt slapp, så er det fare for at kondomet kan gli av. Hald på kondomet ved penisrota når penis blir trekt ut, kondomet skal altså brukast under heile samleiet.
- Kondomet skal brukast berre éin gong.
- Kast kondomet i vanleg avfall etter bruk, ikkje i toalettet.
En person foran et bord med en rekke kondomer.
En morsom kondom med sterke armer og krone.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leidd tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse tema. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?
Kjelder:
- Ung.no (hentedato: 01.02.2023): HPV-virus og livmorhalskreft
https://www.ung.no/helsa-di/2486_HPV-virus_og_livmorhalskreft.html