Avskoging og klimaendringar
Avskoging har alvorlege konsekvensar for jorda, og både lokalt og globalt klima endrar seg veldig. Overfløymingar vert stadig meir vanleg, og tusenvis av dyre- og planteartar døyr ut. Det er mange årsaker til desse øydeleggingane, men tømmerhogst og kvegdrift er dei viktigaste.
Tømmerhogst er den systematiske hogginga av mål etter mål med tre for å skaffa mahogni, teak, sedertre, merbau og andre verdifulle tresortar. Desse brukar vi for å laga møblar, båtar og fine golv til terrassen. Miljøvernarar har rekna ut at 75 prosent av regnskogane i verda er utrydda eller øydelagt av tømmerhogst.
Kvegdrifta et seg også innover i regnskogane, og områda som er utsette for flaum, vert stadig større. Årsaka til dette er at når bøndene høgg ned tre for å skaffa beiteområde til dyra sine, fjernar dei samtidig den svampeeffekten regnskogen sørgjer for. I staden for å trekkja til seg den store mengda regn og ganske enkelt fordele ho, vert dei nyhogde områda fløymde over, før vatnet renn ned i nærliggjande elver, som følgeleg går ut over sine bredder.