Skape orden av kaos
Kvifor er det så viktig å måle verda rundt oss? Kvifor er dag og natt delt i 12 timar, og kvar time i 60 minutt? Kven har eigentleg bestemt kor lang ein meter er? Kvifor er det så viktig å kunne vege ting nøyaktig – og kvifor seier vi at det er nøkkelen til økonomisk suksess? Kvifor er tid pengar?
Måling er eit menneskeleg behov – det moderne tilværet vårt blir drive av presisjon. Måla har teke oss til månen og delt atomet. Vi måler verda fordi det er ein måte å forstå verda på, ei form for matematisk tilnærming. Det er å skape orden av kaos.
Til saman er det sju “gylne” einingar vi brukar: masse/vekt, avstand/lengde, tid, temperatur, lysstyrke, elektrisk straum og stoffmengde. Fleire av dei heng tett saman med kvarandre. Vekt og avstand har mykje til felles. Det same har elektrisk straum og lysstyrke.