Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
«Sexbobla»
Det er fort gjort å tenkja at sex er penis i vagina, men sex kan skje på mange ulike måtar. Det kan kjennest godt å bli tatt på fleire stader. Like godt som på sjølve kjønnsorganet. Som beføling av brystvorter, øyret eller anna. Sex startar i hovudet. Så det meste ein gjer i den sexbobla, er på ein måte sex. Penis i skjeden eller anus kan faktisk berre vere ein liten del av sex.
Vegen er målet!
Hugs at målet er å ha det bra! Senk forventningar. Vêr heller til stades. Tenk på sex som ein tilstand. Med mange ulike moglegheiter. Med kroppar som synest det er herleg å bli tatt på. Ta omsyn til kvarandre. Respektér grensene til kvarandre. Gjer sex til ei positiv oppleving for deg og partnaren din.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Illustrasjoner: Helene Brox og Getty Images
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du òg sit med?