Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
Sex og forventingar
Enkelt sagt så meiner vi at sex er når to eller fleire menneske som har lyst til å ha sex med kvarandre, har sex. Ein har ikkje sex viss éin ikkje har lyst. Då er det noko anna. Vi meiner altså: Dei som er med, har lyst på sex.
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
Alle skal få lov til å vere nybegynnarar
Å starte med å ha sex kan samanliknast med det å lærekøyre med bil. Vanleg bilkøyring er ikkje som biljaktscener i Fast and the Furious. Eller køyring i 120 km i timen. Her har sjåførane øvd masse og hatt mange opptak. Det er godt regissert. Sjåførane tek ikkje omsyn til nokon andre. Dei berre gønnar på.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Frå 0 til 100 på 3 sekund?
Du begynner på scratch første gong du set deg bak rattet. Du kveler bilen. Bremsar for fort eller for sakte. Det er vanskeleg å vite kvar bilen ligg i vegen. Og parkering då. Vanskeleg! I tillegg har du alle reglane. Du er jo ikkje åleine på vegen. Du skal klare å styre eigen bil. Samtidig skal du ta omsyn til dei rundt deg. Sånn kan det kjennast med sex i begynnelsen. Det er mange ting å passe på. Det kan bli litt stress. Eller at ting ikkje går heilt smooth.
En illustrert, rød racerbil.
Øving gjer meister!
Ein parkeringsplass er ein fin stad å teste ut køyringa i starten. Ikkje på motorvegen eller med full biljakt i 120. Det same gjeld for sex. Du kan begynne med å onanere. Kjenne på eigen kropp og seksualitet først. Lik ein stor og tom parkeringsplass. Der er det ingen andre å ta omsyn til.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn, der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har tatt videreutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du også sit med?