Saturn

Berre Jupiter er større enn denne kjempa, som er mest kjend for ringane sine. Kvar ring består av mange milliardar støvkorn og isklumpar. Det finst også små månar og andre lekamar inni nokre av ringane og mellomromma.

Saturn er ei gasskjempe som har mindre tettleik enn nokon annan planet i solsystemet. Han består for det meste av flytande stoff.

Saturn brukar 29,5 jordår på å gå rundt sola. Døgnet på Saturn varar i cirka 10,5 timar.

I 2004 oppdaga romsonden Cassini eit enormt, forvridd tordenvêr i den sørlege atmosfæren til Saturn. Det fekk namnet Drakevêret. Det sender ut sterke radiobølgjer, og mektige lyn gnistrar rundt det. Forskarane meiner at vêret ligg djupt nede i atmosfæren og blussar opp no og då.

Saturn består av lettare masse enn nokon annan planet. Han veg berre to tredelar så mykje som vatn, så viss me hadde ein stor nok dam med vatn, ville Saturn flyte. Jordmasse er ti gonger tyngre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Planeten Saturn
Planeten Saturn

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!