Kva er rasisme?
Rasisme er eit omfattande omgrep, og det har eksistert i nesten heile verdshistoria. Ulik etnisitet blant verdas befolkning har lagt grunnlag for oppfatninga om at menneskeslekta kan delast i ulike rasar. Grunnleggjande for rasisme er trua på at det nettopp finst ulike «menneskerasar», og at nokre av desse er meir intelligente og meir verdifulle enn andre.
Frå etnisitet til kultur
Før og under den andre verdskrigen hevda fleire forskarar at forskjellane låg i gena; at det var biologiske forskjellar som gav menneske ulik verdi. Etter den andre verdskrigen har rasismen utvikla seg til å handle meir om kultur; altså at nokre kulturar er betre enn andre. Til dømes ideen om at nokre folk er meir valdelege på grunn av kulturen sin. Eller ideen om at nokon ikkje kan tilhøyre ein nasjonalitet fordi dei ikkje har den «rette» hudfargen eller dei «rette» namna.
Rasisme = diskriminering
I korte trekk handlar rasisme om oppfatningar, haldningar og handlingar som deler menneske i rasar, der somme er betre enn andre. Det er ei form for diskriminering vi kan finne på mange ulike arenaer som skular, arbeidsplassar, sosiale medium og liknande.
Diskriminering og rasisme av minoritetar
Gjennom historia har minoritetar opplevd mange former for rasisme. Til dømes har mørkhuda i USA og Sør-Afrika opplevd systematisk diskriminering. Dei blei brukte som slavar i plantasjar og segregerte frå resten av samfunnet. Segregering vil seie å skilje nokre menneske frå andre som lever i det same samfunnet. På 1960-talet dreiv Ku Klux Klan (KKK) med forfølging av og drap på afroamerikanarar i USA.
⬅ Illustrasjon av Ku Klux Klan og forkledningane deira.
Rasisme og urfolk
Urfolk har også blitt utsette for systematisk rasisme. Samane i Noreg vart i ein periode tvangsassimilerte. Assimilering tyder at ein minoritet må avstå frå kulturen sin og arve skikkane til majoritetsbefolkninga. Fornorskingspolitikken gjekk ut på å assimilere samane inn i den norske kulturen. Samane fekk ikkje snakke eller lære seg samisk språk. Mange barn vart tekne frå familiane sine og flytta til internat der dei skulle fornorskast. I dag har den norske staten bedt det samiske folket om orsaking, og ein har styrkt samisk kultur og språk i Noreg. Internasjonalt jobbar SN (FN) for å fremje menneskerettar i heile verda, og arbeidet mot rasisme er ein viktig del av dette.
Samane som offer for rasisme
George Floyd og historia om svarte amerikanarar
Holmlia-drapet
I 2001 vart 15 år gamle Benjamin Hermansen frå Oslo knivstukken og drepen på grunn av hudfargen sin. Mannen bak angrepet var nynazist. Etter drapet vart det store demonstrasjonar i heile Noreg og ein stor debatt om rasisme. Drapet på Benjamin Hermansen har blitt eit symbol på at kampen mot rasisme ikkje er ferdig.
⬅ Kvart år vert Benjamin-prisen delt ut til skular som jobbar aktivt mot rasisme.
Foto: Kuben yrkesarena (CC-BY-SA)
Korleis kan vi førebyggje rasisme?
Det er mange måtar å førebyggje rasisme på.
- Politisk kan vi få vedteke lover som fremjar menneskerettar. På denne måten kan vi sikre at alle folk får dei same rettane, og verne dei mot diskriminering på arbeidsplassen, i skulen, offentlege tenester og så vidare.
- Vaksne kan sørgje for å vere gode rollemodellar overfor barn, og fremje verdiar som at alle har like høg verdi uavhengig av kultur, hudfarge og religion.
- Eit anna tiltak er å bli kjend med andre kulturar. På denne måten kan vi endre og få slutt på fordommar vi har mot andre og framande kulturar.
Dokketesten
Sei frå!
Samtidig må vi også forstå at det finst rasisme i samfunnet. Dersom vi opplever eller ser diskriminering på grunn av hudfarge, kultur eller religion, bør vi seie tydeleg frå til den som fornærmar. Det kan også vere viktig å fortelje vedkommande kvifor det som er gjort eller sagt, vert opplevd som rasistisk eller diskriminerande. Om han eller ho ikkje gir seg, bør vi seie frå til læraren eller rektoren. Vi må hugse på at lovene i Noreg slår hardt ned på diskriminering og rasistiske haldningar.
Sosialt eksperiment: Rasisme i Noreg
Ein film frå TV 2.
Kjelder:
- Skorgen, Torgeir; Ikdahl, Ingunn; Berg-Nordlie, Mikkel: rasisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2. september 2020 frå https://snl.no/rasisme
- BBC (01.06.2020): George Floyd: How are African-Americans treated under the law?
https://www.bbc.com/news/world-us-canada-52877678
- NRK (23.01.2018): Joe Erling Jahr: Ber om unnskyldning for å ha drept Benjamin Hermansen
https://www.nrk.no/dokumentar/xl/joe-erling-jahr_-ber-om-unnskyldning-for-a-ha-drept-benjamin-hermansen-1.13868768
- Aldrimer22.juli (10.03.2019): Urfolk i Norge
https://aldrimer22juli.no/8-10-trinn/norge-og-nasjonal-arv-1/urfolk-i-norge-1
- Sirevåg, Torbjørn: Ku Klux Klan i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2. september 2020 frå https://snl.no/Ku_Klux_Klan
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
NRK
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Fanpage.it – YouTube
-
Getty Images
-
TV 2 – YouTube
-