Psykt deg med Maria:
Trur du på tankane dine? 🤯
Vi tolkar verda gjennom eit filter av gamle vanar og tidlegare erfaringar. Har du hatt mange negative erfaringar, kan det henda tankane dine lurar deg til å tru at det same vil skje igjen. 😓
Lært hjelpeløyse 🤷
Vi reagerer på alt rundt oss med utgangspunkt i det vi har opplevd før. Det vil seia at viss du har hatt mange negative erfaringar, med kjensle av mangel på kontroll, kan det føra til at du tar ein mental posisjon som blir kalla «lært hjelpeløyse». Dette er ein uheldig stad å vera.
Papirbakgrunn
Ingenting nyttar 😴
Teorien om «lært hjelpeløyse» er blitt brukt til å forklara aspekt ved psykiske lidingar som depresjon og sosial angst. Ein person med depresjon kan for eksempel oppleva liten kontroll over eigen situasjon og kjenna at ingenting nyttar. Sjølv om det på eit seinare tidspunkt kan vera fleire moglegheiter til å endra situasjonen, kan den opplevde hjelpeløysa føra til at personen ikkje tar grep for å komma ut av depresjonen. Vedkommande har lært seg sjølv at det ikkje er noko poeng å ha eit ope sinn, for ein trur uansett at det ikkje finst nokon utveg.
Papirbakgrunn
Optimistar justerer
Ein person med eit optimistisk tankemønster, derimot, kan også ha negative tankar og kjenna seg frista til å gi opp, men prøver likevel å justera og revurdera tankane og prøver på nytt. Pessimistane eller dei «lært hjelpelause» stolar blindt på det mentale kartet sitt, noko som gjer at dei ofte blir peila inn på ein veg som ikkje fører til suksess.
Papirbakgrunn
Tipsa som kan hjelpa:
Jente med idé på papirbakgrunn
Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel
Foto: Cecilie Nilsen / Lister24
Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock